Ingrid Steen (fødd 12. desember 1967) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim som vann to OL-sølv, VM-bronse og EM-bronse i tida 1986-94. Ho vart elles noregsmeister to gongar og seriemeister 1986 med Sverresborg IF, samt seriemeister 1989 med IL Vestar frå Oslo. Steen, som var høgre rykkrom-spelar, var ofte norsk toppkårar i landskampane.

Ingrid Steen
Fødd 12. desember 1967
Trondheim
Yrke handballspelar

Steen debuterte på Noregs landslag i 1984. I desember 1986 var ho ein sentral spelar då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Sidan var ho med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. I si siste meisterskaps-turnering, handball-EM 1994 i Vest-Berlin, skåra ho 10 av måla då Noreg vann bronsefinalen med 24-19 over Ungarn. Steen spelte 160 landskampar med det norske flagget på brystet og skåra 584 mål.

Allereie 16 år gammal vart Steen noregsmeister med Sverresborg i 1983. Året etter forsvarte ho og laget NM-tittelen, og i 1986 vart ho seriemeister med laget frå Trondheim. Etter ho melde overgang til Vestar lukkast ho i 1989 verte seriemeister for andre gong. Steen spelte seinare for fleire ulike handballag, dei mest kjende er Byåsen IL og Bækkelaget SK.

KjelderEndra