Ingrid Bergman

svensk skodespelar

Ingrid Bergman (29. august 191529. august 1982) var ein svensk skodespelar. Ho er ein av Sveriges mest kjende skodespelarar gjennom tidene, og er ein av få skandinavar som med rette kan kallast Hollywood-stjerne. Bergman var gift tre gonger, med Petter Lindström (1937–1950), Roberto Rossellini (1950–1956) og Lars Schmidt (1957–1976). I 1999 vart ho kåra til tidenes fjerde største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.

Ingrid Bergman

Fødd29. august 1915
FødestadHedvig Eleonora församling
Død29. august 1982 (67 år)
DødsstadLondon
Aktive år1934–1982
Verka somsjølvbiograf, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar
FarJustus Bergman
EktefelleRoberto Rossellini, Lars Schmidt
SambuarJohn Van Eyssen
BornPia Lindström, Isotta Ingrid Rossellini, Isabella Rossellini
PrisarOscar for beste kvinnelige birolle, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Tony Award for Best Actress in a Play, Æres-César, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Donaldson Awards

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Bergman vart fødd i Stockholm; faren Justus Samuel Bergman var svensk og mora Friedel Henrietta Augusta Louise fødd Adler var opphavleg tysk og fødd i Kiel. Foreldra vart gift i Hamburg i 1907. Mora døydde då Ingrid var tre år gammal og faren døydde då ho var 12 år gammal. Faren hadde vore fotograf og hadde tidleg fremja Ingrids talent.

Etter døden til foreldra voks Bergman opp hos slektningar. Skodespelarkarrieren byrja med studium på Dramatens elevskule, og i løpet av denne tida hadde ho ei lita rolle i filmen Munkbrogreven (1935).

Karriere endre

Etter omkring eit dusin filmar i Sverige fekk ho kontakt med USA og Hollywood-produsenten David O. Selznick, som gav henne filmkontrakt. Den første Hollywood-filmen hennar Intermezzo var ei nyinnspeling av ein film ho hadde spelt inn med Gösta Ekman i Sverige i 1935.

I 1950 møtte ho filmregissøren Roberto Rossellini. Ho vart elskarinna hans, og fekk samtidig ei rolle i filmen hans Stromboli. Begge var allereie gift, og kjærleiksaffæren vart ein medieskandale som gav henne visse yrkesmessige problem, med færre rolletilbod. Det vart òg demonstrert utanfor kinoar som viste filmane hennar og enkelte kinoar valde å boikotta henne. Paret fekk to døtrer, tvillingane Ingrid og Isabella, og sonen Robertino.

Etter nokre filmar for Rosselini, filmar som vart verken kunstnariske eller økonomiske suksessar, fekk Bergman igjen filma i Hollywood. Med Anastasia (1956) var ho igjen ei lysande stjerne på Hollywoods himmel. Deretter følgde ei rekkje Hollywood-filmar, inntil Ingmar Bergman i Høstsonaten (1978) gav henne moglegheita til å gjera den beste rolleprestasjonen i karrieren. For rolla som Greta Ohlsson i filmen Mord på Orientekspressen (1974) i vann ho Oscar for beste kvinnelege birolle. Bergmans siste film vart ein TV-film i 1982, Golda Meir, der ho spelte Israels tidlegare statsminister, Golda Meir. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Bergman døydde på fødselsdagen sin i 1982 etter ei tid med sjukdom. I 1999 vart ho kåra til tidenes fjerde største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[1] Den svenske dokumentarfilmen Jeg er Ingrid frå 2015 handlar om Bergmans liv og virke.

Galleri endre

Filmografi (utval) endre


Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ingrid Bergman