Johanne Reutz Gjermoe

norsk økonom og politikar

Johanne Lucie Reutz Gjermoe (4. januar 18964. februar 1989) var ein norsk økonom, kvinnepolitisk forkjempar og fredsarbeidar som var fødd i Bergen og døydde i Asker. Ho var gift med byråsjef Eilif Gjermoe (21.9.1887–10.11.1980).

Johanne Reutz Gjermoe

Fødd4. januar 1896
Død4. februar 1989
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, fagforeiningsleiar

Johanne Reutz tok examen artium i 1915 og lærarskule året etter. Deretter var ho guvernante, så kontordame, før ho i 1920 reiste til Storbritannia for å studere ved kvekarcolleget Woodbrooke, og utvikla eit kristent sosialistisk og pasifistisk livssyn.

Etter å ha flytta attende til Noreg, hadde ho nokre år arbeid i Statistisk Sentralbyrå før ho i 1925 vart tilsett ved LOs statistiske kontor, som då nett var skipa. Der laga ho økonomiske oversyn og rapportar, prisindeksar og konjunkturoversyn og skreiv brosjyrar om faglege emne. Ho la særleg vekt på å få fram materiale som kunne nyttast til å grunngje lønnskrava frå fagorganiserte i tingingane med med arbeidsgjevarane. Ho tok eksamen i statsøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1928.

I 1932 arbeida Johanne Reutz med Arbeiderpartiets fyrste kriseplan og skreiv mellom anna kapittelet om arbeidsløysa, som ho meinte måtte møtast med slike radikale tiltak som nedsetting av pensjonsalderen, seks timars arbeidsdag og kvoter for ungdommen for å hjelpe dei til arbeid. Ho bidrog òg med mykje til dei seinare kriseplanane som vart utarbeidd i dei vanskelege 1930-åra. Men sjølv om ho fekk lite offentleg ros for kriseplanarbeidet, gjorde denne innsatsen sitt til at ho i 1935 vart medlem av Sosiallovkomiteen som arbeida med lova om arbeidsløysetrygd, og 1935–38 var ho delegat til Folkeforbundet og var rådgjevar ved Arbeidskonferansene der.

Hennar tid i arbeidarrørsla tok slutt etter den andre verdskrigen av di ho vart skulda for unasjonal haldning under krigen og fråteken alle sine politiske verv, sjølv om skuldingane mot ho aldri vart prova. Men allereie før krigen hadde hennar aktive kvinnepolitikk og antimilitaristiske haldning gjort ho lite populær i somme krinsar i samfunnet.

Virke

endre

Som kvinnepolitisk forkjempar engasjerte Johanne Reutz seg mellom anna i den striden som oppstod i dei vanskelege 1930-åra, då det var stor arbeidsløyse, om det var rett at gifte kvinner skulle ha arbeid når dei hadde menn til å forsyte seg. Ho påviste at det betydde lite å seie opp gifte kvinner når tala på arbeidslause var så høge, og fekk gjennomslag for dette synet på arbeiderkvinnenes landskonferanse i 1936. Same året vart ho medlem av Arbeiderpartiets sentralstyre, og i 1939 vart ho vald til leiar av partiets kvinnesekretariat med eit stort fleirtal av røystene.

Johanne Reutz gjekk òg inn for ei sjølvstendig sosialdemokratisk kvinnerørsle der arbeidarkvinnene kunne styrke sin politiske innverknad ved å samarbeide med andre kvinneorganisasjonar. Ho ynskte dessutan at husmødrene skulle danne eige fagforbund for å få til ein oppvurdering av husmoryrket.

I åra etter den andre verdskrigen engasjerte Johanne Reutz seg i nye arbeidsområde og kom med i nasjonalt og internasjonalt fredsarbeid gjennom organisasjonen Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom. Her gjorde ho frå 1946 ein stor innsats på fleire område, mellom anna som leiar av organisasjonens internasjonale komité for fredsforsking i tida 1962–71, og som formann i organisasjonens Midtausten-komité 1965–73. Ho fekk Kongens fortjenstmedalje i gull for sitt arbeid for fredssaka.

Johanne Reutz gav ut fleire bøker.

Kjelder

endre