Sissel Rønbeck
Sissel Marie Rønbeck (fødd 24. mai 1950) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Hammerfest.
Sissel Rønbeck | |||
Fødd | 24. mai 1950 (74 år) Hammerfest kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Oslo katedralskole | ||
Ektefelle | Bjørn Tore Godal, Arne Wam | ||
Barn | Anne Marit Godal | ||
Alle verv |
|
Då Rønbeck hausten 1979 blei forbrukar- og administrasjonsminister i ein alder av 29 år, var ho den til no yngste statsråden i Noreg.
Regjering
endre- 1979 - 1981: Statsråd i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (Forbrukar- og administrasjonsminister) i Regjeringa Nordli og Regjeringa Brundtland I.
- 1986 - 1989: Statsråd i Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Regjeringa Brundtland II.
- 1996 - 1997: Statsråd i Samferdsledepartementet (samferdsleminister) i Regjeringa Jagland.
Stortinget
endreSissel Rønbeck møtte første gong på Stortinget som vararepresentant for Ap i 1977. Ho var innvald som stortingsrepresentant for Oslo i tida 1981–1993. I Stortinget var Rønbeck medlem og leiar av Kyrkje- og undervisningskomiteen, medlem av Finanskomiteen og medlem av Samferdslekomiteen.
Andre tillitsverv
endreRønbeck har hatt ei rekkje tillitsverv i Arbeiderpartiet. Ho var formann i Arbeidernes Ungdomsfylking i 1975–77 der ho hadde vore medlem av sentralstyret sidan 1969, medlem av DNAs sentralstyre 1975–77 og 1983–1989 og leiar av Arbeiderpartiets kvinnebevegelse 1985–1989. Ho har vore medlem av DNA sin programkomite.
Av andre verv kan nemnast: Medlem av Den Norske Nobelkomite frå 1994, leiar av Rådgjevande utval for God byggeskikk og nestleiar i Norske Boligbyggelags Landsforbund.
Anna
endreI 1983 gav ho ut boka Tanker på tvers.
Ho var i perioden 1993-2008 tilsett som assisterande direktør hos Riksantikvaren.
Ho er gift med Arne Wam. Ho var tidlegare gift med Bjørn Tore Godal. Ho har to barn.