Anne Sandvik Lindmo (fødd 3. april 1970) er ein norsk programleiar som er mest kjend for talkshowa Store studio og LindmoNRK. Lindmo har vunne fem gullruteprisar, og er ein av dei mestvinnande personane av prisen.[1]

Anne Lindmo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. april 1970 (54 år)
Basel Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar
Ektefelle Hasse Lindmo Sjå dette på Wikidata
Prisar TV-prisen, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder
Anne Lindmo på Commons

Lindmo er utdanna ved Universitetet i Oslo med faga fransk, sosiologi og idéhistorie, og har i tillegg mastergrad i radio frå University of London. Ho er prestedotter, fødd i Basel i Sveits og oppvaksen i Bærum og på Toten.

Lindmo starta karrieren i Radio Nova og har sidan vore sentral i NRK-radioprogramma Først på, Opptur, XL, Anne Panne og Mamarazzi.[2] Ho har jobba i NRK sidan 1994, fyrst med radio og seinare med TV. På slutten av 1990-åra gjekk ho gradvis over til TV og leia blant anna programma Underholdningsavdelingen og Amandaprisutdelinga i 1997. Lindmo var programleiar for Store studio frå oppstarten av programmet i 2002 til den siste sendinga av programmet desember 2009, med ein pause i 2005. Ho leia programmet saman med blant andre Per Sundnes. I 2011 var ho medprogramleiar i Sommeråpent, og i 2011 og 2012 leia ho spellemannprisutdelinga. Frå februar 2012 til april 2024 leia ho sitt eige talkshow, Lindmo, på NRK1.[3]

Lindmo er gift med Hasse Lindmo. Ho er kusina til NRK-kollegaen Ingrid Gjessing Linhave.

Prisar endre

  • Seerprisen (2004)
  • Arne Hestenes’ journalistpris (2004)
  • Nominert til Gullruten 2004 i klassa beste kvinnelege programleiar for Store studio
  • Gullruten 2006 i klassa beste kvinnelege programleiar for Store studio
  • Nominert til Gullruten 2007 i klassa beste kvinnelege programleiar for Store studio
  • Gullruten 2008 i klassa beste kvinnelege programleiar for Store studio
  • Gullruten 2010 i klassa beste kvinnelege programleiar for Store studio
  • Gullruten 2014 i klassa beste kvinnelege programleiar for Lindmo
  • Gullruten 2015 i klassa beste kvinnelege programleiar for Lindmo
  • Nominert til Gullruten 2019 i klassa publikumsprisen[4]
  • Nominert til Gullruten 2021 i klassa beste programleiar - underhaldning for Lindmo[5]

Referansar endre

  1. «Gir seg med kjønnsdelte priser». 22. januar 2019. Henta 13. mai 2021. 
  2. «Aldri stille i Store Studio!». 15. november 2002. Henta 13. mai 2021. 
  3. Roger Aarli-Grøndalen. «Slutt for «Lindmo»» (på norsk bokmål). Journalisten. Henta 6. april 2024. 
  4. «Dette er de nominerte til Gullruten 2019». 5. april 2019. Henta 7. mai 2019. 
  5. «Rådebank, Farmen og Norge bak fasaden høster flest Gullruten-nominasjoner». 16. april 2021. Henta 13. mai 2021.