Ingunn Lunde (fødd 1. februar 1969) er ein norsk lingvist som er professor i russisk ved Universitetet i Bergen (2002–) og tidlegare professor II ved Universitetet i Tromsø (2012–2019). I 2014–2015 var ho fellow ved Wissenschaftskolleg zu Berlin. Lunde har tidlegare vore formann i Nordisk slavistforbund (2010-2013).

Ingunn Lunde
Fødd1. februar 1969
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Universitetet i Bergen

Liv og virke

endre

Lunde har utdanninga si frå Bergen (UiB), Moskva og Bonn med hovudfag i russisk og gresk og latin som lågaregradsfag frå 1994. Ho forsvarte dr.art.-graden i russisk i 1999 med avhandlinga Verbal Celebrations: Kirill of Turov's Homiletic Rhetoric and its Byzantine Sources.[1] Ho leia dei internasjonale forskingsprosjekta Landslide of the Norm (2005–2008)[2] og Future of Russian (2008–2012).[3] Forskingsinteressene hennar omfattar mellomalderslavisk litteratur og kultur, russisk 1800- og 1900-talslitteratur, og russisk språk og litteratur etter perestrojka.

Lunde er grunnleggjar og hovudredaktør av bokserien Slavica Bergensia[4] og medredaktør av tidsskriftet Poljarnyj Vestnik[5] og Scando-Slavica.

Bibliografi

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre