Inishvickillane
Inishvickillane, òg kalla Inishvickillaun eller Inishvickillaune, (Inis Mhic Uileáin på irsk) er ein av Blasketøyane i County Kerry i Irland. Innbyggjarane på Blasketøyane brukte å kalla ho The Inis.[1] Inishvickillane var busett i periodar på 1800-talet og tidleg på 1900-talet av ein eller fleire familiar. Det er mange ruinar av gamle steinbygningar på øya og eit hus vart bygd i 1970-åra av tidlegare taoiseach (statsminister) Charles Haughey, som eigde øya og nytta ho som feriestad.
Inishvickillane Lokalt namn Inis Mhic Uileáin | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 52°03′N 10°36′W / 52.050°N 10.600°W |
Øygruppe | Blasketøyane
|
Høgaste punkt | Inishvickillane (135 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Inishvickillane har viktige koloniar med sjøfugl, særleg viktig er havhest, havsvale og lundefugl. Ein flokk med kronhjort vart sett ut på øya av Haughey.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Inishvickillane» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2007.
Fotnotar
endre- ↑ J. & R. Stagles, The Blasket Islands: Next Parish America. O'Brien Press, Dublin, 1980