Inkhil
Inkhil (arabisk أنخل, òg skrive Ankhil) er ein by i al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria, nord for Daraa og like aust for Golanhøgdene på Hauransletta. I 2004 registrerte Syrisk statistisk sentralbyrå eit folketal på 31 258.[1]
Inkhil | |||
أنخل | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Sanamayn | ||
Koordinatar | 33°0′N 36°7′E / 33.000°N 36.117°E | ||
Folketal | 31 258 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Inkhil 33°00′00″N 36°07′00″E / 33°N 36.11666667°E | |||
Kart som viser Inkhil.
| |||
Wikimedia Commons: Inkhil |
Historie
endreUnder Romarriket var Inkhil dominert av det ghassanidske arabiske kongedømet, ein vasall under romarane, basert i den nærliggande Jabiya i vest.[2] Blant ruinane i byen finst det ein stor villa, datert til 100-talet evt.. Inne i bygningen er ein stor kvelva sentral hall, som er knytt til fleire rom med byster og andre bysantinske skulpturar av basalt. Fasaden har ein særs dekorert inngang og konkylieforma nisjer.[3]
Byen bestod av kring 50 hus tidleg i 1840-åra og alle innbyggjarane var muslimar.[4] I Palestine Exploration Fund sitt Quarterly Statement vart Inkhil registrert å vere ein «liten plass med 55 til 60 hus».[5]
Inkhil var ein av dei første byane som deltok i opprøra som førte til den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad i mars 2011 etter demonstrasjonane i Daraa.[6] Den 19. august vart fire demonstrantar drepne og dusinvis skadde etter at syriske tryggingsstyrkar skaut mot demonstrasjonen frå ein moské etter fredagsbøna.[7]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Shahid, s.203.
- ↑ Ball, s.240-241.
- ↑ Royal Geografikal Society, s.335.
- ↑ Palestine Exploration Fund, s.190.
- ↑ Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01. Henta den 1. juli 2014.
- ↑ Inkhil Live Blog. Al Jazeera English. 2011-08-19. Henta 1. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Inkhil» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Palestine Exploration Fund (1897). Quarterly statement. Published at the Fund's Office.
- Shahid, Irfan (2002). Byzantium and the Arabs in the Sixth Century: pt. 1, Toponymy, Monuments, Historical Geography, and Frontier Studies. Dumbarton Oaks Research Library and Collection. ISBN 0884022145.