Hauran (arabisk حوران / Ḥawrān), òg skrive Hawran eller Houran, er eit vulkansk platå og eit geografisk område og folk som lever i det sørvestlege Syria og nordvesthjørnet av Jordan. Det har fått namn etter det arameiske Hawran, som tyder «grotteland» Geografisk og geomorfologisk strekkjer grensene seg frå nær Damaskus og Hermon i nord til Ajlounfjella i Jordan i sør. Området omfattar Golanhøgdene i vest og grensar der til Jordan-riftdalen. Det omfattar vidare Jabal al-Druze i aust og grensar der til dei tørre steppene og ørkenterrenget. Yarmouk drenerer mykje av Hauran i vest og er den største sideelva til Jordanelva.

Hauran Plateau
سهل حوران
fjell
Landsbyen Johfiyeh på Jordan-sida av platået.
Land  Syria,  Jordan
Kart
Hauran
33°01′47″N 35°49′06″E / 33.029615°N 35.818383°E / 33.029615; 35.818383
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Satellittbilete av Syria og dei kringliggande landa med Hauran avmerkt
Wikimedia Commons: Hauran

Den vulkanske jorda gjer Hauran til ein av dei mest frodige regionane i Syria. Det vert produsert mykje kveite og han er særleg kjend for vingardane. Regionen får over gjennomsnittleg mykje nedbør for landet, men har få elvar. Hauran er avhengig av årleg snøfall og regn kvar vinter og vår og mange av dei eldgamle byane har cisterner og vassreservoar som held på nedbøren som fell i desse årstidene. Området skil seg frå andre historisk, frodige område i Syria (Orontes- og Eufratdalen) som er avhengige av kontrollerte vatningssystem. Sidan midten av 1980-åra har Syria bygd mange vassreservoar i kjeldeelvane til Yarmouk.[1]

Historie endre

Slettene i Houran var truleg busett av små grupper jegerar og samlarar. Kring 12 000 fvt. vart mikrolittar og beinverktøy ein del av dagleglivet. Ein trur at utviklinga av jordbruk kring 10 000 fvt. utløyste ein jordbruksrevolusjon som endra historia til mennesket og bana veg for dei gamle sivilisasjonane etter tusenår med jakting og samling i små grupper. På denne tida slo natufarane seg ned i Taiyiba sør i Houran, sørvest for Houran i Tabqat Fahl og Golanhøgdene i vest i Nhal ‘En Gev-II, i tillegg til heile Kanaan.

Kring 8300 fvt. vart kveite dyrka i aust og naboane vest i Kanaan og aust i Mesopotamia starta å bu i ovale hus. Mellom 8000 og 7000 fvt. levde folket i Hauran stort sett av gasellar og revar dei jakta på. Mellom 7000 og 6000 fvt. var den daglege maten deira hovudsakleg husdyr (sau, geit, gris og kyr) og dyrka korn. På 3000-talet fvt. var det mange koparsteinalderbusetnader i Yarmoukdalen.

Hauran er nemnt i Bibelen (Esekiel 47:16-18) skildrar grenseområda til det isralittiske kongedømet på den tida. Fleire hundreår seinare kalla grekarane og romarane området Auranitis, og markerte den tradisjonelle austlege grensa til Romersk Syria. Dette ser ein av godt bevarte romerske ruinar i byane Bosra og Shahba. På denne tida omfatta Hauran òg dei nordlege byane i Dekapolis.

Den sveitiske turisten Johann Ludwig Burckhardt skreiv om folket i regionen på 1800-talet:

Følgjet mitt har planlagt å dra frå Damaskus særs tidleg i morgon. Eg drog frå rommet mitt på kvelden og drog med dei for å sove i ein liten Khan i forstaden til Damaskus, der haouaerane, eller folket frå Hauran, held til.[2]

I dag er ikkje Hauran lenger eit eige administrativt område, men det omfattar dei syriske guvernementa Quneitra, As Suwayda og Daraa, og dei jordiske guvernementa Irbid, Ajloun og Jerash, i tillegg til det vestlege område av Mafraq guvernement. Namnet vert likevel nytta på folkemunne av både innbyggjarane i regionen og utanfor om både regionen og folket som bur der.

Byar endre

  Syria   Jordan
Daraa Ar Ramtha
Busra Irbid
Quneitra Ajloun
As-Suwayda Jerash

Landsbyar endre


Romerske bruer endre

Kjende figurar endre

Kjelder endre

  1. http://www.transboundarywaters.orst.edu/projects/casestudies/jordan_river.html Jordan River: Johnston negotiations, 1953-55; Yarmuk mediations, 1980's
  2. Travels in Syria and the Holy Land: Journal of an Excursion into the Hauran in the Autumn and Winter of 1810

Bakgrunnsstoff endre