Innfjordtunnelen er ein 6594 meter lang vegtunnelE 136, i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen vart opna i 1991, og går frå Gridset ved Innfjorden til Veblungsnes for å erstatte eit rasfarleg stykke av vegen langsmed Romsdalsfjorden mellom Veblungsnes og Innfjorden. Denne strekninga vart permanent stengd etter eit steinskred i 1989 som tok eitt menneskeliv. Frå raset gjekk og fram til tunnelen vart opna, gjekk trafikken med ferje på ei stutt strekning.[treng kjelde]

Innfjordtunnelen
Lengd6 594 meter
Trafikk2 714 (2021)[1]
Opna1. november 1991
Kart
Innfjordtunnelen
62°31′54″N 7°36′59″E / 62.531667°N 7.616389°E / 62.531667; 7.616389

Som med fleire andre tunnelar i Noreg er Innfjordtunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

62°34′5.2″N 7°41′10.0″E / 62.568111°N 7.686111°E / 62.568111; 7.686111