Innvik

tettstad i Noreg

Innvik er ein tettstad og eit sokn i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Innvik var òg ein kommune frå 1837 til 1965. Tettstaden har 438 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på sørsida av Innvikfjorden, som er ein del av fjorden Nordfjord, 17 kilometers køyring frå Olden og 34 kilometers køyring frå kommunesenteret Stryn.

Innvik
stad
Innvik kirke.jpg
Innvik kyrkje
Foto: kirkenorge.no
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Stryn
Areal 0,72 km²
Folketal 438 (2017)
Folketettleik 608 / km²
Postnummer 6793 INNVIK

Innvik
61°51′6″ N 6°37′0″ E
Wikimedia Commons: Innvik

Her ligg Innvik kyrkje og barneskulen Innvik skule.

Innvik kommuneEndra

Innvik vart oppretta som Innvik formannskapsdistrikt i 1837. I 1843 vart Innvik deld og Stryn skild ut som eige formannskapsdistrikt. Innvik hadde 2 675 innbyggjarar etter delinga. 1. oktober 1922 vart Raksgrenda i Innvik med 120 innbyggjarar overførd til Stryn. 1. januar 1965 vart Innvik som då hadde 3 003 innbyggjarar slegen samn med Stryn og delar av Hornindal og Gloppen kommunar til den nye Stryn kommune.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Innvik kommune frå 1843 til 1963:

1843[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1965[1]
2675a 2922a 2894 3159 3173 3065 3003
aTalet omfattar Raksgrenda, som var del av Innvik kommune fram til 1922, då ho vart overført til Stryn kommune. Området hadde då 120 innbyggjarar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 [http://www.ssb.no/emner/00/90/rapp_9913/rapp_9913.pdf Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Innvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra

Arkiv frå Innvik kommune henta frå Arkivportalen.noEndra

Kommunale arkiv

Privatarkiv

  Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.