Intarsia er ein handverksteknikk og ei kunstform der ein legg 1 millimeter tynne finérark frå ulike typar tre saman for å skapa mønster på eit møbel. Det kan òg brukast til å laga frittståande bilete. Ved å skjera gjennom parvise lag (minst 2) med ulik finér får ein dei innvendige og utvendige bitane som så vert lagt saman frå annakvart lag. Dette medfører at ein alltid får minst 2 ulike «bilete», det eine motsett av det andre kva gjeld farge og/eller tresort. Desse bileta av samanlagt finér vert finert ned på underlaget på fagleg måte av snekkaren.

Intarsia/marketeri med innlagt perlemor.
Foto: Svein Harkestad
Intarsia. Dei mørkare fargetonane i kronblada kjem fram ved at finérbitane er dyppa forsiktig ned i glovarm sand. Dette gjev djupnverknaden i blomane.
Foto: Svein Harkestad

Marketeri/Marquetry (markering) heiter den tilsvarande teknikken som vert brukt til å fella metall eller perlemor inn i tre, og ved tremosaikk.

Parquetry heiter teknikken der det berre vert brukt langsgående finér. Men òg her vert brukt tremosaikk og dekorband. Jf. dagens parkettgolv.

Ein spesialist på intarsia vert kalla dekupør. Intarsia kan òg utførast av ein ebenist (kunstsnikkar), eller ein møbelsnekkar.

Teknikkane er særs gamle og stammar frå Orienten og Egypt og har vore mykje brukt i møblar i dei ulike stilperiodane i Europa frå og med barokken.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Intarsia» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2020.
  • Roberts, Judy Galne; Intarsia – artistry in wood, Intarsia artistry : 12 projects for every occasion . Fox Chapel Publishing Co. , East Petersburg, Pa. 2000 ISBN 1-56523-096-5 (h.)
  • Threadgold, Lawrence (edited by David Arscott); Beginning picture marquetry . Guild of Mastar Craftsman Publications, Lewes, East Sussex 2002 ISBN 1-86108-234-7

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Intarsia