Opna hovudmenyen

Frank Lloyd Wright

amerikansk arkitekt

Frank Lloyd Wright (8. juni 18679. april 1959) var ein framståande arkitekt og formgjevar i USA på første halvdelen av 1900-talet. Wright var ein nyskapande modernist som hadde stor innverknad i heimlandet, der dei fleste bygningane hans er, og elles. Wright var ein føregangsmann innan organisk arkitektur, spel med linjer og var mellom dei første som laga opne innelandskap og brukte ubehandla materiale og jernbetong. Han er særleg kjend for «Prairie-stilen», ei form for utstrekte, asymmetriske hus som danna grunnlag for utforminga av amerikanske bustadhus på 1900-talet.

Frank Lloyd Wright
Frank Lloyd Wright LC-USZ62-36384.jpg
Fødd 8. juni 1867
Richland Center
Død

9. april 1959
Phoenix

Yrke arkitekt, byplanlegger
Frank Lloyd Wright på Commons

LivEndra

Frank Lincoln Wright var fødd i Richland Center i Wisconsin. Han tok mellomnamnet Lloyd, frå mora Anna Lloyd-Jones, etter at foreldra skilde seg. Familien Wright flytta mellom fleire delstatar før dei slo seg ned i Wisconsin, der mora kom frå.

Han studerte ingeniørfag og det han kunne av arkitektur ved University of Wisconsin frå 1885 til –86, men drøymte om Chicago, der det på denne tida blei reist ei rekkje moderne bygg.

 
Leikerommet i huset Wright teikna for familien sin.

ArkitektEndra

Frå 1887 lærte Frank Lloyd Wright arkitektur i Chicago, mellom anna under Louis H. Sullivan, ein skyskrapar-pioner som han beundra. I 1889 gifta han seg med Catherine «Kitty» Tobin, som han fekk seks barn med.

I 1893 opna han sitt eige arkitektfirma. Wright var også med på å starta Chicago Arts and Crafts Society i 1897, men forkasta ikkje maskinen slik det var vanleg i denne rørsla, noko den kjende talen «The Art and Craft of the Machine» ber vitne om. Han fekk tilbod av den mektige arkitekten Daniel Burnham om å studera i Europa og arbeida for han, men ønska, som mange samtidige unge arkitektar, å finna ein eigen amerikansk stil. Rundt 1900 var denne rørsla fullvaksen som «Prairie-skulen», med Wright som hovudmann. Frank Lloyd Wright førelas om tankane sine, og fullførte fleire byggverk.

SkandalarEndra

I 1909 forlét han Kitty for Mamah Cheney, kona til ein tidlegare oppdragsgjevar. Skandalen gjorde det vanskeleg å få oppdrag. I staden bygde Wright eit hus til seg sjølv, Taliesin, i heimtraktene til mora sin walisiske familie og med namn etter ein walisisk skald. Han reiste også til Europa og gav ut bøker om verka og tankane sine.


Trass i at han var sambuar med Cheney, ettersom han ikkje fekk skilsmisse frå kona, fekk Wright likevel nokre oppdrag i USA. I 1914, medan han var i Chicago og førebudde utelivsområdet Midway Gardens, sette ein galen tenar i Taliesin fyr på huset og drap Cheney, borna hennar og andre tenestefolk. Wright takla tragedien ved å gjenreisa den brende delen av huset som Taliesin II. I 1925 brann Taliesin ein gong til, denne gongen ved ei ulukke, og blei gjenreist.

Seinare blei Wright sambuar med skulptøren Miriam Noel, som han busette seg med i Japan i 1916 for å reisa Imperial Hotel, eit luksushotell der besøkande skulle kunna oppleva «vestleg komfort». I 1922 fekk endeleg Wright skilsmisse og gifta seg med Noel, men ekteskapet opphøyrde etter kort tid grunna hennar morfinbruk. Han slo seg seinare saman med Olgivanna Hinzenberg, som han fekk dottera Iovanna med i 1925 og gifta seg med i 1928.

OrganiseringEndra

Pengenaud på 1920-talet førte til at Wright nær mista Taliesin. For å verna han økonomisk grunnla støttespelarar selskapet Wright, Incorporated, som handsama gjeld, eigedom og Wright sitt talent. I 1927-28 skreiv Wright artiklar om arkitektur og byrja med ein sjølvbiografi. Børskrakket i 1929 førte til byggestopp i USA, og Wright heldt i staden førelesingar i ei rekke byar.

I 1932 grunnla han treningsprogrammet Taliesin Fellowship, for fleire titals arkitektar og formgjevarar under opplæring som levde i og arbeidde med Taliesin. Nokre av dei blei verande med han i fleire tiår.

VerkEndra

Wright bygde først bustadhus i forstadene til Chicago, lange, låge «Prairie-hus». I 1900-åra fekk han også i oppdrag å teikna kontorbygg og ei kyrkje for unitariarane, sitt eige kyrkjesamfunn. Unity Temple i Oak Park i Illinois er i dag rekna som eit nasjonalt minnesmerke i USA. Bygningar frå denne perioden var laga i rimelege, moderne materiale. Dei hadde store, enkle veggar og opne rom utan unødig oppdeling. Brukshus, som kyrkjer og kontorbygg, tok omsyn til vanskelege tomter og balanserte lyd og lys.

 
Inne i Guggenheim-museet.

I 1910-åra jobba han med Imperial Hotel i Tokyo, som imponerte då det overlevde eit jordskjelv i 1923. Takka vera utkraga bjelkebruk var hotellet ein av få større bygningar som stod.

På 1930-talet skapte Wright ein serie lågkostnadshus, kjend som «Usonians». Dei var laga med lokale materiale, med flate tak, typisk utan garasje med eit overhengande biltak, eller «carport», eit ord Wright fann på. Bygga nytta dagslys frå høgt plasserte vindauge til opplysing, sol og varmegolv til oppvarming, og naturleg nedkjøling.

Under og etter første verdskrigen stod han bak større byggverk i USA og Japan. Han stod bak kontorbygget Johnson Administration Building i Racine i Wisconsin (1936), det naturinspirerte Fallingwater i Pennsylvania (1939) og Guggenheim-museet i New York (1956), prega av ei original spiralrampe.

DømeEndra

Bilde Namn Stad Bygd år Merknad
  Frank Lloyd Wright Home and Studio Oak Park i Illinois 1889–1909
  Larkin Administration Building Buffalo i New York 1904 Riven 1950
  Unity Temple Oak Park i Illinois 1906
  Mrs. A. W. Gridley House Batavia i Illinois 1906
  Frederick C. Robie Residence Chicago i Illinois 1909
  Taliesin I Spring Green i Wisconsin 1911 Delvis brend 1914 og 1925, men gjenoppbygd.
  Imperial Hotel Tokyo i Japan 1923 Rive 1968, inngangspartiet gjenreist i 1976 ved Meiji Mura nær Nagoya.
Fallingwater (Kaufmann House) Pennsylvania 1935–9
  Taliesin West Scottsdale i Arizona 1937 Vinterbustad og skule for Wright fram til han døydde.
  Community Christian Church Kansas City i Missouri 1940
  First Unitarian Society of Madison Shorewood Hills i Wisconsin 1949-51
  Guggenheim-museet New York by 1956–9
  Gordon House Silverton i Oregon 1964 Eitt av Usonian-husa.
  Annunciation Greek Orthodox Church Wauwatosa i Wisconsin 1961 (teikna 1956)

KjelderEndra

  • «Wright, Frank Lloyd», Encyclopædia Britannica, 2009  Text "publisher-Encyclopædia Britannica Online" ignored (hjelp)
  • «Wright, Frank Lloyd», Who's Who in the Twentieth Century, Oxford University Press, 1999 
  • James Stevens Curl (2006), «Wright, Frank Lloyd Lincoln», A Dictionary of Architecture and Landscape Architecture, Oxford University Press 

BakgrunnsstoffEndra