Internasjonalt farvatn
Internasjonalt farvatn (latin mare liberum, 'fritt hav') viser til havområde som ikkje inngår i territorialfarvatnet til nokon stat og er område utanfor jurisdiksjonen til alle statar. Her gjeld difor ingen nasjonale lovar, og dette har vorte utnytta, mellom anna til å driva uregulert fiske, senda såkalla piratradio, driva kasinoverksemd, driva smugling av ulovlege varer som narkotika[1] og ansvarsfråskriving for oljeutslepp. a
Nyare internasjonale avtalar og konvensjonar har lagt føringar også for kva ein kan gjera og ikkje gjera i internasjonalt farvatn.[2]
Kyststatane kan erklæra ei økonomisk sone ut til 200 nautiske mil frå grunnlinja. I den økonomiske sona har kyststaten einerett til naturressursane i sjøen, på og under havbotnen, til dømes fisk og petroleum. Kyststaten har ikkje full suverenitet eller jurisdiksjon i den økonomiske sona, og i andre samanhengar enn utnytting av naturressursar er det internasjonale farvatn som gjeld.
Skip som seglar i internasjonalt farvatn er generelt under jurisdiksjon til det flagget det eventuelt seglar under.[3] Viss eit skip likevel er involvert i ein kriminell aktivitet, som piratverksemd, kan kvar og ein nasjon utøva jurisdiksjon under doktrinen om universell jurisdiksjon.[4]
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ Krokfjord, Torgeir P. (26. april 2014): «Smuglerne ble tatt med heroin verdt over en milliard. Men slipper trolig straff», Dagbladet. Sitat: «- Problemet med å foreta arrestasjoner i internasjonalt farvann er at det ikke foreligger noen mekanismer som automatisk får smuglerne stilt for retten. Det faller utenfor jurisdiksjonen til de nærliggende landene, så det er sannsynlig at de involverte får slippe unna, sier Alan Cole, leder av FNs kontor for sjøkriminalitet i Nairobi»
- ↑ United Nations Convention on the Law of the Sea (PDF), Dei sameinte nasjonane
- ↑ [United Nations Convention on the Law of the Sea] (Havrettskonvensjonen): UNCLOS, artikkel 92(1)
- ↑ Roth, Kenneth (september/oktober 2001): The Case For Universal Jurisdiction, Council on Foreign Affairs
- Denne artikkelen bygger på «Internasjonalt farvann» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- «Havrett» ved SN-sambandet
- «Internasjonalt farvatn» ved Kartverket
- «Maritime grenser» Arkivert 2015-09-05 ved Wayback Machine. ved Kartverket
- «Norges maritime grenser» Arkivert 2014-04-15 ved Wayback Machine. ved BarentsWatch