Irak-Irankrigen
Iran–Irak-krigen, òg kalla den første golfkrigen, var ein krig mellom Iran og Irak som varte frå 22. september 1980 til 20. august 1988. Han blei ofte omtala som golfkrigen før Irak–Kuwait-konflikten (1990–91) som blei kjent som den andre golfkrigen, men etterkvart berre blei kalla golfkrigen.
Irak-Irankrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() En iransk soldat med gassmaske. Iran–Irak-krigen var berykta for brutalitet, og inkluderte også irakisk bruk av kjemiske våpen. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
![]() |
![]() | ||||||
Kommandantar | |||||||
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() | ||||||
Styrkar | |||||||
190 000 mann 5 000 stridsvogner 4 000 pansra køyretøy 7 330 kanoner 500+ jagerfly, 100+ helikopter[1] |
305 000 mann 500 000 Pasdaran og basij-militssoldatar 900 stridsvogner 1 000 pansra køyretøy 3 000 kanonar 470 jagarfly 750 helikopter[2] | ||||||
Tap | |||||||
375 000-500 000 soldatar/militssoldatar/sivile drepne eller såra | Kring 500 000-750 000 soldatar/militssoldatar/sivile drepne eller såra |
Krigen byrja då Irak invaderte Iran 22. september 1980. Invasjonen såg i byrjinga ut til å vere ein suksess for irakarane, men etter kort tid vart dei slegne attende og konflikten utvikla seg til en lang utmattingskrig. Krigen forandra for alltid politikken i området; han hadde konsekvensar for global politikk og førte til den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990.
Situasjonen før krigenEndra
Det har i historisk tid vore rivalisering mellom ymse kongedøme i Mesopotamia og Persarriket. Den ressursrike provinsen Khuzestan (i dagens Iran) var i oldtida sentrum for Elamittriket, eut ikkje-semittiskspråkleg kongedøme med hovudstad Susa. Khuzestan har vore angrepe og okkupert av forskjellige kongedømer i Mesopotamia mange gonger gjennom århundra.
Ein internasjonal avtale frå 1937 fastsette grensa mellom Iran og Irak. Etter at kongen i Irak blei kasta i 1958 nekta det nye nasjonalistregimet å anerkjenna dei tidligare avtalabw. Det nye Irak gav støtte til separatistar i Khuzestan og sette fram territorielle krav på provinsen.[3] Det har i historisk tid vore rivalisering mellom ymse kongedøme i Mesopotamia og Persarriket. Den ressursrike provinsen Khuzestan (i dagens Iran) var i oldtida sentrum for Elamittriket, eit ikkje-semittiskspråklwg kongedøme med hovudstad Susa. Khuzestan har vore angripe og okkupert av ymse kongedøme i Mesopotamia mange gonger gjennom hundreåra.
«Irak-gate»: Overføring av våpen fra USA til Irak under krigenEndra
Vestleg støtte for Saddam under Iran-Irak-krigen hadde heilt klart vorte etablert. Det er ingen løyndom at Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, USA, mange vestlige selskap og Storbritannia gav militær støtte - og til og med komponentar til irakiske program for masseøydeleggingsvåpen. Rolla som USA spelte i krigen mot Iran er derimot ikkje like velkjent. Etter revolusjonen, med ayatollahene ved makta og eit anstrengt forhold mellom Iran og USA, kom realpolitikarar i Washington tidleg i krigen til konklusjonen om at Saddam var den minste av to vonde, og derfor fekk forsøk på å støtte Saddam høgaste prioritet, både under den lange krigen med Iran og etterpå. Dette førte til det som seinare er kjent som Irak-gate-skandalene.
Mykje av det Hussein fekk frå Vesten var ikkje i utgangspunktet våpen, men såkalla fleirbruksteknologi, dvs. ultrasofistikerte datamaskiner, armerte ambulansar, helikopter, kjemikaliar og liknande, med potensiell sivil bruk i tillegg til militære applikasjonar. Det er kjent at eit enormt nettverk av selskap, basert i USA og i utlandet, ivrig fora den irakiske krigsmaskinen heilt til august 1990, då Saddam invaderte Kuwait.
Ein krig med masseøydeleggingsvåpenEndra
Med meir enn 100 000 iranske offer for Saddam Hussein sinw kjemiske og biologiske våpen under den åtte-årige krigen med Irak, er Iran det mest utsette landet for masseøydeleggingsvåpen, kun etter Japan.
Dei offisielle anslaga inkluderer ikkje sivil folkesetnad som har blitt forgifta i grenselandsbyar eller barn og slektninger av veteranene. Mange har utvikla komplikasjoner med blod, lunger og hud, ifølge organisasjonen for veteraner i Iran.[treng kjelde]
Nervegassagenter drap rundt 20 000 iranske soldatar umiddelbart, ifølgje offisielle rapportar. Av dei 90 000 overlevande, treng 5000 jamnleg medisinsk handsaming og rundt 1000 ligg framleis på sjukehus med alvorlege, kroniske tilstander. Mange andre vart ramma av sennepsgass.
Videre vart 308 irakiske rakettar skotne ut mot befolkningssenter i iranske byar mellom 1980 og 1988 som resulterte i 12 931 omkomne.
Til tross for fjerninga av Hussein og hans regime av amerikanske styrkar, er det djup avmakt og sinne i Iran over vestlege selskap (Vest-Tyskland, Frankrike og USA) som hjelpte Irak i å utvikle dette kjemiske arsenalet i utgangspunktet, og at verda ikkje gjorde noko for å straffe Irak for bruken av kjemiske våpen i krigen.
Irak gjorde også utstræt bruk av kjemiske våpen mot den kurdiske sivilbefolkninga i nord under anfal-kampanjen og under angrepet på byen Halabja der minst 5 000 mennesker vart drepne.[4]
Menneskelege bølgjer brukt som våpen i Iran-Irak-krigenEndra
Mange menneske hevdar at Iran-Irak-konflikten skapte ein spesielt grusom variant av angrep med «menneskelege bølgjer». Det iranske presteskapet, utan profesjonell militær trening, var seine med å ta i bruk og sette i verk profesjonelle militære doktriner. Landet mangla til tider naudsynt utstyr til å bryte irakiske minefelt og var ikkje villige til å risikere sin vesle stridsvogn-styrke. Derfor vart pasdaran-styrkar og basij-frivillige ofte brukt til å sveipe over minefelt og nedgravne posisjonar som var laga av det meir profesjonelle irakiske militæret. Anklagen seier at taktikken med menneskelege bølger involverte barn heilt ned i niårsalderen (desse kunne ofrast). Ein anonym østeuropeisk journalist skal ha sett «titusenvis av barn, bunde saman i grupper på 20 for å hindra dei mer nervøse frå å desertere, gjere slike angrep».[5]
Det vart sagt at det var vanligare å bruke jenter for minerydding på fronten, og gutar for uvæpna «angrep». Sikre førstehands forteljngar om bruk av barn i menneskelege bølgeangrep er derimot sjeldne. Den alvorlegaste førstehandsskildringa dukka nyeig opp i ein artikkel av den respekterte teknologi-journalisten Robert X. Cringely.[6]
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Iran–Irak-krigen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2017.
ReferansarEndra
- ↑ (en) [1]
- ↑ [2]
- ↑ Karsh, Efraim (2002). The Iran–Iraq War: 1980–1988. Osprey publishing. ISBN 978-1841763712.
- ↑ «Genocide in Iraq - The Anfal Campaign Against the Kurds». Human Rights Watch. 14. august 2006.
- ↑ «The War of Attrition, 1984-87», Countrystudies.us
- ↑ «Bob Don't Know Diddy: Post-Election Reflections on Polls and Other Stuff», I,Cringely, 4. november 2004
BakgrunnsstoffEndra
- UN Secretary General report to the UNSC: p1 p2 p3
- Arming Iraq: A Chronology of U.S. Involvement
- How Saddam could embarrass the West (How the USSR, France, and the US armed Iraq)
- Global Map of countries who took sides in the Iran-Iraq war
- Memoirs, Photos, Essays about the war.
- Litteratur
- Nafisi, Azar, Reading Lolita in Tehran
- Rajaee, Farhang, The Iran-Iraq war: the politics of aggression, Gainesville, University Press of Florida, 1993.