Halabja

Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran.

Halabja
kurdisk هەڵەبجە, arabisk حلبجة
by
Halabja.jpg
Land Flag of Iraq.svg Irak
Autonom region Flag of Kurdistan.svg Kurdistan[1]
Guvernement Halabja
Høgd 721 moh.
Koordinatar 35°11′11″N 45°58′26″E
Areal 1 599 km²
Folketal 117 000 (2013)
Grunnlagd 1650
Guvernør Ali Osman Ali [2]

Halabja
35°10′0″ N 45°58′0″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Halabja

Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten.

I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.[3][4] Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.[5]

KlimaEndra

Halabja har eit heitt middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og kjølige, våte vintrar.

Klimadata for Halabja
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 9.6 11.8 16.9 22.0 29.5 35.8 39.6 39.2 35.0 28.4 19.7 12.5 25,0
Normal min. temp. °C 0.1 1.4 5.6 9.7 14.5 19.0 22.8 22.5 17.9 12.7 7.0 2.2 11,3
Nedbør (mm) 144 146 132 85 35 0 0 0 0 28 79 124 773
Kjelde: [6]

KjelderEndra

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 2014-10-06, henta 22. juni 2019 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2018-09-27, henta 22. juni 2019 
  3. http://www.rudaw.net/english/kurdistan/15032017
  4. «1988: Thousands die in Halabja gas attack». BBC News. 16. mars 1988. Henta 4. mai 2010. 
  5. AK News, 1. mars 2010, arkivert frå originalen 2011-03-20, henta 22. juni 2019 
  6. «Climate statistics for Halabja». Bureau of Meteorology. Henta 21. april 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Halabja