Is This the World We Created...?

Is This the World We Created...?
Song av Queen
frå albumet The Works
Sjanger Softrock, akustisk rock
Lengd 2:13
Selskap EMI/Parlophone
Capitol, Hollywood Records (US)
Komponist Freddie Mercury, Brian May
Tekstforfattar Brian May, Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Brian May, Freddie Mercury
Produsent Queen og Reinhold Mack

«Is This the World We Created...?» er ein protestsong av det britiske rockebandet Queen, som kom ut på det ellevte studioalbumet deira, The Works i 1984.

Songen vart spelt på alle Queen-konsertane frå 1984 til 1986. Han var ein del av finalen på Live Aid i 1985. Songen er den kortaste, men ein av dei mest kjende på albumet.[1][2]

Om songen endre

«Is This the World We Created...?» var skriven i München etter at Mercury og May såg ei nyhendesending på TV om fattigdomen i Afrika. Mercury skreiv det meste av teksten, medan May skreiv akkordane og nokre få tekstlinjer.

Songen vart framført som ekstranummer på Live Aid som eit ekstranummer.

Andre versjonar endre

I 1988 spelte den engelske musikalartisten Elaine Paige songen på albumet sitt The Queen Album.[3]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. The Works – Queen | Songs, Reviews, Credits. AllMusic. Henta 2016-03-27.
  2. Is This the World We Created...? – Queen | Song Info. AllMusic. Henta 2016-03-27.
  3. Queen Cover Songs. WhoSampled. Henta 2016-03-27.