Opna hovudmenyen
The Works
Studioalbum av Queen
Utgjeve 27. februar 1984
Innspelt August 1983 – januar 1984 i The Record Plant i Los Angeles i California og Musicland Studios i München i Tyskland
Sjanger
Lengd 37:11
Selskap EMI / Parlophone
Capitol / Hollywood (US)
Produsent Queen, Reinhold Mack
Queen-kronologi
Hot Space
(1982)
The Works A Kind of Magic
(1986)
Singlar frå The Works
  1. «Radio Ga Ga»
    Utgjeve: 23. januar 1984
  2. «I Want to Break Free»
    Utgjeve: 2. april 1984
  3. «It's a Hard Life»
    Utgjeve: 16. juli 1984
  4. «Hammer to Fall»
    Utgjeve: 10. september 1984

The Works er det ellevte studioalbumet av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i februar 1984. Etter det synth-tunge Hot Space, gjekk dei på dette albumet attende til rockestilen til Brian May og Roger Taylor, men heldt òg på noko av den retro-futurististke elektropopen frå den tyske elektronica-undergrunnen frå tidleg i 1980-åra (Freddie Mercury) og funkstilen frå New York (John Deacon).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Chicago Tribune2/4 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Sounds3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

Plata vart spelt inn i Record Plant Studios og Musicland Studios frå august 1983 til januar 1984. Tittelen på albumet kom frå ein kommentar Taylor kom med då innspelinga byrja – «Let's give them the works!». Etter ein konservativ reaksjon på og bannlysing av musikkvideoen til «I Want to Break Free» i USA, valte bandet å ikkje turnere i Nord-Amerika, så albumet nådde ikkje så høgt som det kunne ha gjort på listene der, men selde godt elles i verda (særleg i Europa). På verdsbasis har The Works seld kring fem millionar eksemplar.

HistorieEndra

Etter utgjevinga av Hot Space og den påfølgjande turneen i 1982, valte dei fire medlemmane i Queen å ta ein pause frå bandet året etter, der dei konsentrerte seg om soloprosjekt. Bandet hadde planlagt ein vårturné i Sør-Amerika, særleg etter den store suksessen bandet hadde hatt der to år tidlegare, men problem med utstyr og marknadsføring sette ein stoppar for planane.[7] Brian May arbeidde med Eddie Van Halen og andre på Star Fleet Project, medan Freddie Mercury byrja arbeidet med soloalbumet sitt. I august 1983 kom bandet saman att og byrja å arbeide med det ellevte studioalbumet. Det vart det første albumet til Queen for EMI (og det USA-tilknytte Capitol Records) etter at bandet kansellerte avtalen med Elektra for USA, Canada, Australia og Japan.[7]

Innspelinga byrja i Record Plant Studios i Los Angeles – den første gongen Queen spelte inn musikk i Amerika - Musicland Studios i München. På denne tida tilbaud manageren deira Jim Beach høvet til å komponere musikk for filmen The Hotel New Hampshire. Bandet gjekk med på dette, men oppdaga at det gjekk for mykje tid med til å skrive musikk for filmen i staden for det komande albumet, og prosjektet vart skrinlagt.[7] Berre ein song skriven for filmen, «Keep Passing the Open Windows», kom med på The Works. I november 1983 vart Roger Taylor sin «Radio Ga Ga» valt som den første singelen frå albumet. The Works kom ut 27. februar 1984.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Radio Ga Ga»  Roger Taylor 5:44
2. «Tear It Up»  Brian May 3:28
3. «It's a Hard Life»  Freddie Mercury 4:08
4. «Man on the Prowl»  Mercury 3:28
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «Machines (Or 'Back to Humans')»  May, Taylor 5:10
6. «I Want to Break Free»  John Deacon 3:20
7. «Keep Passing the Open Windows»  Mercury 5:21
8. «Hammer to Fall»  May 4:28
9. «Is This the World We Created...?»  Mercury, May 2:13
Bonusspor på Hollywood Records CD-utgåve frå 1991
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
10. «I Go Crazy» (original B-side)May 3:42
11. «Radio Ga Ga» (extended version)Taylor 6:50
12. «I Want to Break Free» (extended mix)Deacon 7:12
Bonus-EP frå 2011
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «I Go Crazy» (B-side)May 3:44
2. «I Want to Break Free» (single remix)Deacon 4:18
3. «Hammer to Fall» (Headbanger's mix)May 5:18
4. «Is This the World We Created...?» (live in Rio, January 1985)Mercury, May 3:03
5. «It's a Hard Life» (live in Rio, January 1985)Mercury 4:26
6. «Thank God It's Christmas» (non-album single)May, Taylor 4:22
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Tear It Up» (live at Wembley Stadium, London – 11. juli 1986)May 2:23
8. «I Want to Break Free» (live at Rock in Rio – January 1985)Deacon 3:27
9. «Radio Ga Ga» (promo video, 1984)Taylor 5:54

SongarEndra

Radio Ga GaEndra

For meir om dette emnet, sjå Radio Ga Ga.

The Works opnar med «Radio Ga Ga». Han vart skriven på klaverinstrument, etter at Roger Taylor høyrde sonen Felix (som var tre år på den tida) sei «radio ca ca».[7] Han skreiv songen i Los Angeles og låste seg inne i eit studio med ein Roland Jupiter 8 og ein trommemaskin. Sidan kom John Deacon opp med ein høvande basslinje. Freddie Mercury rekonstruerte songen, både musikalsk og tekstmessig. Han var likevel tilskriven Taylor, sidan Mercury var meir enn arrangør enn medlåtskrivar. Fred Mandel, studiomusikaren deira på klaverinstrument, sette i saman eit spor med piano, synth og ein mellombels bass. Brian May brukte slide for gitarsoloen sin. Taylor song all korvokal, og brukte ein Vocoder gjennom songen. Det meste av songen består av elektroniske instrument og synthesizer.

Tear It UpEndra

Det andre sporet, «Tear It Up», er ein song av May, og på ein demoversjon er det han som syng songen i staden for Mercury. HAn vart skriven som eit forsøk på å gjenskape den gamle stilen til Queen. Han har ein hamrande perkusjon liknande «We Will Rock You» som driv songen. Då songen vart framført under The Magic-turneen, spelte May would introen frå «Liar» før han gjekk over i byrjinga av denne songen.

It's a Hard LifeEndra

For meir om dette emnet, sjå It's a Hard Life.

Den tredjen songen på The Works, «It's a Hard Life», er ein av May og Taylor sine favorittsongar frå Mercury (men innrømde at dei mislikte sterkt musikkvideoen). May medverka med noko tekst og introduksjonen var basert på Ruggiero Leoncavallo sin «Vesti la giubba», ein arie frå operaen Pagliacci. Mercury spelte piano og song det meste av vokalen, og rettleia May i kva skalaer han skulle bruke for soloen, som vart skildra av May i gitarprogrammet Star Licks som særs «Bohemian Rhapsody»-aktig.

Man on the ProwlEndra

Etter «It's a Hard Life» kjem «Man on the Prowl», ein tre-akkords rockabilly av Mercury (liknande «Crazy Little Thing Called Love») der Mandel spelar pianoet i slutten. Merk at «Tear It Up», «It's a Hard Life», «Is This The World We Created...?» og denne songen er heilt utan synthesizerar. May spelte soloen på ein Fender Telecaster. Denne var planlagt som den femte og siste singelen frå albumet, med ein mellombels utgjevingsdato 19. november 1984,[8] og det vart trykt og sendt ut fleire promokopiar (QUEEN 5) med «Keep Passing the Open Windows», som B-side. Bandet valte i staden å gje ut julesingelen «Thank God It's Christmas».

Machines (Or 'Back To Humans')Endra

Den femte songen på The Works, «Machines (Or 'Back to Humans')», starta som ein ide av Taylor, og May hjelpte til med å skrive songen ferdig. Produsenten Reinhold Mack programmerte synth-«øydelegginga» med ein Fairlight CMI II Sampler, og songen er sungen som ein duett mellom Mercury (som syng i harmoni med seg sjølv over fleire lydspor), og robotstemma til Taylor (ved hjelp av ein Roland VP330 Vocoder). Instrumentalmiksen av songen samplar delar av «Ogre Battle» frå det andre albumet til Queen, Queen II, «Flash» og Larry Lurex sin «Goin' Back» (i røynda Queen (utan Deacon) under eit pseudonym). Denne og «Radio Ga Ga» er dei mest elektroniske songane på albumet.

I Want to Break FreeEndra

For meir om dette emnet, sjå I Want to Break Free.

Den sjette songen, «I Want to Break Free», var skriven av John Deacon. Popsongen vert best hugsa for videoen der alle dei fire Queen-medlemmane er kledde som kvinner, ein parodi på den britiske såpeopearen Coronation Street. Taylor kom med ideen til videoen. Mercury kommenterte at 'Alle sprang inn i kjolane sine'. Deacon insisterte på at han ikkje ønskte ein gitarsolo på songen, så Mandel spelte ein synthsolo i staden. På konsertane spelte May soloen på gitar. Versjonen som vart gjeven ut på singel og nytta i musikkvideoen inneheld ei opning og eit mellomspel (etter synthsoloen) som ikkje er ein del av den originale miksen.

Keep Passing the Open WindowsEndra

«Keep Passing the Open Windows» er den sjuande songen på The Works og var skriven av Mercury i 1983 for filmversjonen av The Hotel New Hampshire, basert på ein roman av John Irving. Tittelen vert nemnt fleire gonger i filmen, som var medprodusert av manageren til bandet, Jim Beach. Mercury spelte piano og synth og skreiv teksten etter å ha lese sitatet i boka.

Hammer to FallEndra

For meir om dette emnet, sjå Hammer to Fall.

«Hammer to Fall», den åttande songen, er den andre rockelåten til May på albumet. Konsertversjonane var mykje raskare, og May har òg framført songen på soloturnane sine. Synthane vert spelte av Mandel og dei fleste av vokalharmoniane vert gjort av May sjølv, særleg i mellomspelet (utanom «oh no» som er Taylor). Songen går attende til den gamle Queen-stilen, med songar bygd kring eit hardt og mektig riff. Mercury syng solovokal, medan både Mercury og May syng på refrenget. Musikkvideoen til songen vart regissert av David Mallet, og inneheld konsertklipp av songen frå Brussel.[9] «Hammer to Fall» var ein populær konsertsong og var den tredje songen som bandet spelte på Live Aid i 1985.[10] Songen vart òg spelt på Magic-turneen i 1986.[11]

Is This the World We Created...?Endra

For meir om dette emnet, sjå Is This the World We Created...?.

Albumet vert avslutta med «Is This the World We Created...?» som var skriven i München etter Mercury og May såg nyhende på TV om fattigdomen i Afrika. Songen vart framført på Live Aid som eit ekstranummer. Mercury skreiv det meste av teksten og May skreiv akkordane og små bitar av teksten. Songen vart spelt inn med ein Ovation, men på konsertane nytta May ein Gibson Chet Atkins CE nylonstrenga gitar. Det vart spelt inn piano for songen i studio, men dette vart fjerna frå den endelege miksen.

Andre songarEndra

Thank God It's ChristmasEndra

For meir om dette emnet, sjå Thank God It's Christmas.

Denne songen, skriven av May og Taylor, vart gjeven ut som ein julesingel i 1984 og seinare som B-sida til singelen «A Winter's Tale» i 1995. Han vart òg gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits III i 1999. Det er den einaste julesongen Queen spelte inn.

MedverkandeEndra

Andre medverkande
  • Fred Mandel: klaverinstrument på «Radio Ga Ga», «I Want to Break Free» og «Hammer to Fall», piano på «Man on the Prowl» (slutten), sampler på «Radio Ga Ga»
  • Reinhold Mack: Fairlight CMI-programmering på «Machines (Or Back to Humans)», lydteknikar
  • Mike Beiriger: assisterande lydteknikar
  • Stefan Wissnet: assisterande lydteknikar
  • Ed Delena: assisterande lydteknikar
  • Bill Smith: plateomslag
  • George Hurrell: fotografi

ListerEndra

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1984 Australia[12] 12
Austerrike[13] 2
Belgia (Vallonia)[14] 87
Canada[15] 22
Nederland[16] 1
Frankrike[17] 14
Italia[18] 4
Japan[19] 7
New Zealand[20] 9
Noreg[21] 2
Sverige[22] 3
Sveits[23] 3
UK Albums Chart[24] 2
US Billboard 200[25] 23
Vest-Tyskland[26] 3
2005 Belgian Mid-Price Albums Chart (Flandern)[27] 18
Belgian Mid-Price Albums Chart (Vallonia)[14] 5
2011 Sør-Korea[28] 85

ÅrslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Australia[12] 48
Austerrike[29] 2
Canada[30] 88
Frankrike[31] 21
Italia[18] 37
UK Albums Chart[32] 14

TiårslisterEndra

Liste (1980–89) Plassering
Austerrike[33] 32

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[34] Platina 50 000x
Canada (Music Canada)[35] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[36] Platina 500 000^
Nederland (NVPI)[37] Gull 50 000^
Spania(PROMUSICAE)[38] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[39] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[40] Platina 650,000[32]
USA (RIAA)[41] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. http://www.allmusic.com/album/r2378162
  2. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  3. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  4. Puterbaugh, Parke (12. april 1984). «The Works». Rolling Stone. Henta 11. juni 2012. 
  5. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 570. ISBN 0679737294. 
  6. «Queen – 02-25-1984 – The Works – Sounds». Queen Archives. 25. februar 1984. Henta 20. juli 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Queen Biography 1984». Queenzone.com. Henta 20. juli 2016. 
  8. «Record News». NME (London, England: IPC Media): 40. 3. november 1984. 
  9. Queen Biography 1984 Queen Zone. Henta 29. juni 2016
  10. Live Aid: Hammer to Fall Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016
  11. Queen live on tour: Magic tour Queen Concerts. Henta 29. juni 2016
  12. 12,0 12,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP) (på German). austriancharts.at. Henta 20. juli 2016. 
  14. 14,0 14,1 Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP) (på French). ultratop.be/fr. Henta 6. januar 2014. 
  15. «Results – RPM – Library and Archives Canada» (PHP). Collectionscanada.gc.ca. Henta 20. juli 2016. 
  16. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP). Hung Medien (på Dutch). MegaCharts. Henta 20. juli 2016. 
  17. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Queen» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 12. september 2011. 
  18. 18,0 18,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1984» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 3 Oktober 2011. 
  19. a-クイーン «– Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – Queen» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). 30. desember 2007. Henta 5. juli 2016. 
  20. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP). Hung Medien. recording Industry Association of New Zealand. Henta 20. juli 2016. 
  21. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 20. juli 2016. 
  22. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP). swedishcharts.com. Henta 20. juli 2016. 
  23. Steffen Hung. «Queen – The Works» (ASP). hitparade.ch. Henta 20. juli 2016. 
  24. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  25. «Queen». AllMusic. Henta 20. juli 2016. 
  26. «charts.de» (ASP). charts.de. Henta 20. juli 2016. 
  27. «Queen - The Works» (på Dutch). ultratop.be/nl. Henta 6. januar 2014. 
  28. GAON ALBUM CHART : 2011년 9월 (in Korean). gaonchart.co.kr. Henta 6. januar 2014.
  29. «Austerrikencharts.st – Jahreshitparade 1984». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  30. «Top 100 Albums of 1984». RPM. 5. januar 1985. Henta 6. desember 2010. 
  31. «Les Albums (CD) de 1984 par InfoDisc» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 29. januar 2012. 
  32. 32,0 32,1 «Complete UK Year-End Album Charts». Henta 3 Oktober 2011. 
  33. «Austerrikencharts.at – Bestenlisten – 80-er album» (på German). Hung Medien. Henta 19. mai 2016. 
  34. «Austrian album salstrofé – Queen – The Works» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter The Works in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  35. «Canadian album salstrofé – Queen – The Works». Music Canada. 
  36. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'The Works')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  37. «Dutch album salstrofé – Queen – The Works» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  38. «Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados 1979-1990». Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  39. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'The Works')». Hung Medien. 
  40. «British album salstrofé – Queen – The Works». British Phonographic Industry.  Enter The Works in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  41. «American album salstrofé – Queen – The Works». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra