Isabel dos Santos

Isabel dos Santos (fødd 18. juli 1973 i Baku i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen)[1][2] er ei angolansk forretningskvinne, omtala som den rikaste kvinna i Afrika og den fyrste kvinnelege milliardæren. Ho er dotter av José Eduardo dos Santos, som var president i Angola frå 1979 til 2017.

Isabel dos Santos

Statsborgarskap Angola, Russland
Fødd 20. april 1973 (51 år)
Baku
Yrke gründer, sosietetsperson
Språk portugisisk, Angolan Portuguese
Far José Eduardo dos Santos
Mor Tatiana Kukanova
Ektefelle Sindika Dokolo
Isabel dos Santos på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Isabel dos Santos er dotter av José Eduardo dos Santos og russiske Tatjana Kukanova. Foreldra trefte kvarandre mens dei begge studerte i Baku på Det aserbajdsjanske statsuniversitetet for olje og industri. Foreldra til faren var frå São Tomé og Príncipe.[3][4]

Foreldra gjekk frå kvarandre, og etter oppvekst i Angola budde dos Santos saman med mora i London. Der studerte dos Santos ingeniørvitskap ved King's College.[5] Det var der ho møtte den seinare ektemannen sin Sindika Dokolo frå Zaire.[6] Han var son av millionæren Augustin Dokolo Sanu frå Kinshasa og den danske kona hans Hanne.[7] Dos Santos gifta seg med Sindika Dokolo i 2002.[8]

Dos Santos har ein halvbror, José Filomeno dos Santos.[1]

Karriere

endre

I 1996 flytta Dos Santos tilbake til Angola.[1] Året etter byrja ho si fyrste forretningsverksemd, ein restaurant i hovudstaden Luanda.[9] I perioden då faren var president sikra ho seg eigardelar i ei rekkje angolanske selskap, inkludert i bank- og telekommunikasjonssektoren. Ho har også hatt eigarinteresser i Portugal.[5][4] Faren utnemnde henne til sjef for oljeselskapet Sonangol i juni 2016, men den nye presidenten i landet, João Lourenço, fjerna henne frå denne stillinga i november 2017.[10] Magasinet Forbes anslo at ho ved utgangen av 2020 hadde ein formue på 1,6 milliardar amerikanske dollar, ned frå 3,7 milliardar i 2014.[11] Ho var då rekna som den trettande rikaste personen i Afrika,[11] og som den rikaste kvinna på det afrikanske kontinentet.[12] Ho vert også omtala som den fyrste kvinnelige milliardæren i Afrika.[5][9]

I Angola vart det i 2019 sett i gang korrupsjonsetterforsking, og dos Santos fekk midlane sine frosne.[13][14] I 2020 fekk ho også midlane i Portugal frosne.[15][16] I januar 2020 kunngjorde den portugisiske banken EuroBic at dei braut sambandet med dos Santos, som selde seg ut som majoritetseigar.[17][18] Dos Santos avviste klagemåla retta mot henne.[19] 18. november 2022 vart dos Santos etterlyst internasjonalt av Interpol, etter ønskje frå den offentlege påtalemakta i Angola.[20][21]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Emmanuel K. Akyeampong; Henry Louis Gates jr., red. (2012). «Santos, Isabel dos». Dictionary of African Biography (på engelsk). Oxford University Press. s. 272. ISBN 9780195382075. doi:10.1093/acref/9780195382075.001.0001. Henta 20. november 2022. 
  2. Inge Mariëtte Ruigrok (8. desember 2011). «Santos, Isabel dos». Oxford African American Studies Center (på engelsk). doi:10.1093/acref/9780195301731.013.49887. Henta 28. desember 2020. 
  3. «O Presidente do Mpla» (på portugisisk). MPLA. Arkivert frå originalen 22. januar 2011. Henta 20. november 2022. 
  4. 4,0 4,1 Louise Redvers (2. november 2012). «Angola: Who’s who in the palace?». The Mail & Guardian (på engelsk). Henta 26. desember 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Dolan, Kerry A. «Isabel Dos Santos, Daughter Of Angola's President, Is Africa's First Woman Billionaire». Forbes (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2017. Henta 26. desember 2020. 
  6. «The Dokolo Family». dokolo.com (på engelsk). Henta 20. november 2022. 
  7. «The complete biography of Augustin Dokolo Sanu». dokolo.com (på engelsk). Henta 14. mars 2013. 
  8. «Dokolo, Sindika», i W. Martin James: Historical Dictionary of Angola, 3. utgave, Rowman & Littlefield, 2018, s. 115.
  9. 9,0 9,1 «Isabel dos Santos: 'First African female billionaire'». BBC News (på engelsk). 25. januar 2013. Henta 26. desember 2020. 
  10. «Isabel Dos Santos sacked from Angola state oil firm». BBC News (på engelsk). 15. november 2017. Henta 26. desember 2020. 
  11. 11,0 11,1 «Isabel dos Santos». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020. 
  12. «Africa’s Billionaires». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020. 
  13. Lund, Kenneth (1. januar 2020). «Fryser midlene til Afrikas rikeste kvinne». Dagens Næringsliv. Henta 26. desember 2020. 
  14. George, Victoria Waldersee, Alexander Winning, Libby (31. desember 2019). «Angola hits 'Princess' dos Santos with asset freeze». Reuters (på engelsk). Henta 26. desember 2020. 
  15. «Portugal Freezes Isabel Dos Santos Accounts, Aiding Angola Asset Hunt». Bloomberg.com (på engelsk). 11. februar 2020. Henta 26. desember 2020. 
  16. Sachmechi, Natalie. «Portuguese Judge Orders Seizure Of Billionaire Isabel Dos Santos’ Assets In The Country Amid Corruption Charges». Forbes (på engelsk). Henta 26. desember 2020. 
  17. «Isabel dos Santos: EuroBic severs ties with Angola billionaire». BBC News (på engelsk). 21. januar 2020. Henta 26. desember 2020. 
  18. «Angola's dos Santos to sell Eurobic stake, decision is 'final'». Reuters (på engelsk). 22. januar 2020. Henta 26. desember 2020. 
  19. «Isabel dos Santos responds to Luanda Leaks investigation». The Guardian (på engelsk). 23. januar 2020. Henta 26. desember 2020. 
  20. Eirik Wichstad (19. november 2022). «Afrikas rikeste kvinne etterlyst av Interpol». VG. Henta 20. november 2022. 
  21. Catarina Demony (19. november 2022). «Interpol issues arrest warrant for Angola's Isabel dos Santos, Lusa reports». Reuters (på engelsk). Henta 20. november 2022.