Iskandariya
Al-Iskandariya eller Alexandria (arabisk الإسكندرية), òg skrive som Iskandariyah, Iskanderiyah, Iskanderiya, Iskanderiyeh, Sikandariyeh eller Al Askandariyah) er ein oldtidsby sentralt i Irak, ein av mange byar i Det nære austen kalla opp etter Aleksander den store (Al-Iskandar på arabisk). Her bur hovudsakleg sjiamuslimske arabarar. Distriktshovudstaden ligg kring 70 km sør for Bagdad, nær elva Eufrat.
Iskandariya | |||
الإسكندرية, Alexandria | |||
by | |||
Iskandariyah varmekraftverk i 2008
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
guvernement | Babil | ||
Koordinatar | 32°54′N 44°21′E / 32.900°N 44.350°E | ||
Folketal | 200 000 | ||
Iskandariya 32°54′N 44°21′E / 32.9°N 44.35°E | |||
Kart som viser Iskandariya.
| |||
Wikimedia Commons: Alexandria (Iraq) |
I antikken låg Alexandria halvvegs mellom Babylon (staden der Aleksander døydde) og Selevkia ved Tigris (hovudstaden i Selevkideriket, særs nær dagen Bagdad).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Iskandariya» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: