Babil guvernement

Babil guvernement eller provinsen Babylon[2][3][4] (arabisk محافظة بابل Muḥāfaẓa Bābil) er eit guvernement sentralt i Irak. Det har eit areal på 5 119 km² med eit estimert folketal på 1 651 565 innbyggjarar i 2002.[5] Provinshovudstaden er byen Hillah, som ligg ovanfor oldtidsbyen Babylon (بابل) ved Eufrat.

Babil guvernement
محافظة بابل
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 32°37′N 44°33′E / 32.617°N 44.550°E / 32.617; 44.550
Hovudstad Hillah
Areal 5 119 km² [1]
Folketal 2 000 000  (2014)
Kart
Babil guvernement
32°37′00″N 44°33′00″E / 32.616666666667°N 44.55°E / 32.616666666667; 44.55
Wikimedia Commons: Babylon Governorate

Historie endre

Oldtidsbyen Babylon i dagens guvernement var hovudstad i det gamle Babylonia, og ligg ved Eufrat sør for Bagdad i Irak.[1]

Byen var busett frå 2000-talet fvt., men vart mindre viktig på 1000-talet fvt. under kongane av det første dynastiet i Babylon. Den sjette kongen i dynastiet var Hammurabi (1792–1750 fvt.) som gjorde Babylon til hovudstad i eit enormt rike og er mest kjend for lovene sine.

Byen opplevde ei stordomstid under Nebukhadnezzar II (605–562 fvt.) då Det babylonske riket strekte seg over det meste av Vest-Asia.

I 1991 var Babil guvernement senteret for eit sjiaopprør.[1]

Geografi endre

Området er tørt til halvtørt med ein årsmiddelnedbør som varierer frå 50 til 200 mm..[6] Temperaturane om sommaren kan nå opp mot 50 °C, og vintrane er generelt milde.[6]

Distrikt endre

Babil guvernement er delt inn i fire distrikt:[1]

Byar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Babil guvernement Profile» (PDF). NGO Coordination Committee for Iraq (NCCI). 15 July 2015. Arkivert (PDF) frå originalen den 29 October 2015. 
  2. Parkinson, Jennifer Ann, red. (1997). «Iraq». Irrigation in the Near East Region in Figures. Rome, Italy: Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO). s. 103. ISBN 978-92-5-103969-4. 
  3. Mohammad, Mohammad Hadi (2012). «Prevalence of Bovine Sarcocystosis in Babylon province (مجلة الكوفة للعلوم الطبية البيطرية)». Kufa Journal For Veterinary Medical Sciences 3 (2): 78–83. Arkivert frå originalen 18. oktober 2017. Henta 13. september 2017. 
  4. Al-Morshidy, Kassim A. H. & Al-Amari, Moayed J. Y. (2015). «Detection of parasitic contamination in Hilla city drinking water / Babylon province/ Iraq» (PDF). Advances in Natural and Applied Sciences 9 (3): 80–84. Arkivert frå originalen (PDF) 26. august 2015. Henta 13. september 2017. 
  5. «Babil guvernement Profile» (PDF). United Nations Interagency Information Analysis Unit (IAU). 2007. Arkivert (PDF) frå originalen den 29 March 2015. 
  6. 6,0 6,1 Manii, Jwad K. (2014). «Using GIS to study the probability pollution of surface soil in Babylon province, Iraq» (PDF). IOSR Journal of Applied Geology and Geophysics (IOSR-JAGG) 2 (1): 14–18. Arkivert (PDF) frå originalen den 26 August 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Babil guvernement