Islandsk króna

(Omdirigert frå Islandsk krone)

Islandsk krone (islandsk íslensk króna, utt. is-lensk krouna, fleirtal: krónur) er mynteininga på Island. ISO 4217-valutakoden er ISK. Den islandske krona er delt opp i aurar (tilsvarande norske øre), i eintal: eyrir.

Islandsk 500-hundrekronesetel

Den fyrste islandske krona, 1874-1981 endre

Danske kroner blei innført på Island i 1874, da dei erstatta den tidlegare danske basemynten rigsdaler. I 1885 begynte Island å trykke sine eigne pengesetlar. Den islandske krona blei skilt frå den danske krona etter oppløysinga av den nordiske myntunionen ved starten av fyrste verdskrig og islandsk sjølvstyre i 1918. Dei fyrste myntane blei gitt ut i 1922.

Myntar endre

Dei fyrste islandske myntane var 10- og 25-aurar, som blei introdusert i 1922. Dei blei seinare etterfølgd av 1-, 2- og 5-krónar-myntar. I 1944 blei det kongelege monogrammet fjerna, da Island erklærte sjølvstende frå Danmark og dermed heller ikkje var ein del av det danske monarkiet lenger. Frå 1967 blei nye myntar lansert, da det skjedde eit kraftig fall i verdien av den islandske krona. 10 krónursmyntar blei lansert same år, mens 50 aurar- og 5 krónursmyntar kom til i 1969, mens det blei lansert ein 50 krónurmynt i 1970.

Pengesetlar endre

Dei fyrste pengesetlane blei trykt i 1885 av Landssjóðs Íslands og var i verdiane 5, 10 og 50 krónur. I 1904 overtok Íslands Banki produksjonen, og introduserte 100 krónursetlar. I 1921 begynte Rikissjóð Íslands å trykke pengesetlar med verdiar på 1, 5, 10 og 50 krónur, og i 1929 overtok Landsbanki Íslands prentinga av mynteinningar på 5 krónur og over, mens Rikissjóð Íslands fortsette med å prente 1 krónasetlar fram til 1947. Landsbanki Íslands introduserte 500 krónursetlar i 1935, etterfølgd av 25 og 1000 krónursetlar i 1957. I 1961 blei Seðlabanki Íslands Islands nasjonalbank, og begynte å produsere setlar i verdiane 10, 25, 100, 500, 1000 og 5000 krónur.

Devaluering endre

I 1981 blei den islandske krona devaluert sånn at 100 gamle krónur (ISJ) var verd 1 ny krone (ISK).

Teknisk sett bestod krona stadig av 100 aurar, sjølv om myntar med ein pålydande verdi på under 1 króna i praksis ikkje har vore i sirkulasjon på årevis. I september 2002 underskreiv den daverande statsministeren på Island, Davíð Oddsson, to lovar som fastslår at alle beløp på rekningar skal framgå i heile krónur og at myntar med ein verdi på under 1 króna utgår.

Island er eit samfunn som dei andre landa i Norden er på eit høgt stadium i den teknologiske utviklinga. Det at landet er så teknologisk velutvikla spelar au inn på pengesystemet, ein svært stor del av alle transaksjonar på Island skjer elektronisk, til dømes via kredittkort. Det er dessuten verdt å merke seg at den største pengesetelen, 5000 krónursetelen, berre har ein verdi på ca. 480 norske kroner. Dette, kombinert med det høge prisnivået på Island fører til at pengesetlane ikkje har verdiar som passar til større transaksjonar. Island er i gang med å utvikle seg til å bli ein økonomi som i mindre og mindre grad baserer seg på kontantar.

Myntar endre

I 1981 kom myntar med ein pålydande verdi på 5, 10 og 50 aurar samt på 1 og 5 krónur på marknaden. Dei blei etterfølgt av 10 krónurmyntar i 1984, 50 krónur i 1987 og 100 krónur i 1995. Frå 1. oktober 2003 aksepterer dei islandske bankane ikkje lengre dei gamle myntane på 5, 10 og 50 aurar.

Pengesetlar endre

I 1981 blei pengesetlar på 10, 50, 100 og 500 krónur lansert, i 1984 kom 1000 krónursetlar og i 1986 kom 5000 krónursetlane til. I 1994 utkom ein ny 2000 krónursetel.

Det er ikkje lengre setlar på 100 krónur og under i sirkulasjon. I 2006 var langt størstedelen av dei sirkulerande setlane på 500, 1000 og 5000 krónur. 2000 krónursetlane eksisterer, men er aldri blitt populære blant islendingane, som har døypt dei «turistpengar».

Statusen i dag endre

Island blir sett på som ein fullgyldig europeisk nasjon, som er basert på den typiske nordiske velferdsmodellen. Island deltar i mange felleseuropeiske avtaler, inkludert schengensamarbeidet, som tillet fri rørsle mellom dei fleste vesteuropeiske landa. Island er som Noreg ikkje medlem av EU, og brukar heller ikkje euro.

Den islandske myntfoten er ein fullt konvertibel valuta på verdsmarknaden, om han enn blir tilboden i ei lita mengde. Den er strengt styrt av den islandske nasjonalbanken med ein høg grad av volatilitet ikkje berre i forhold til amerikanske dollar og euro, men også i forhold til dei øvrige nordiske valutaene svenske-, norske- og danske kroner.

Kjelder endre