Scillyøyane
Scillyøyane, i norrøne soger Syllingane (engelsk Isles of Scilly, kornisk Ynysek Syllan), er ei øygruppe utanfor sørvestenden av Cornwall i Storbritannia. Tradisjonelt har dei vore ein del av grevskapet Cornwall, men øyane har sidan 1890 vore ei sameint styresmakt.
Isles of Scilly Ynysek Syllan | |
---|---|
Satellittbilete av Sicllyøyane | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet, 45 km utanfor England |
Koordinatar | 49°56′10″N 6°19′22″W / 49.93611°N 6.32278°W
|
Tal på øyar | 5 busette, 140 andre |
Store øyar | St Mary's, Tresco, St Martins, Bryher, St Agnes |
Areal | 16,03 km²
|
Administrasjon | |
Land | England |
Største busetnad | Hugh Town (1068 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2100 (2008) |
Folketettleik | 131 /km² |
Øyane har status som Area of Outstanding Natural Beauty (særskild vakkert naturområde).
Geografi
endreIsles of Scilly er ei øygruppe med fem busette øya rog mange mindre øyar (rundt 140 totalt) som ligg 45 km frå Land's End. Dei består av granitt frå seint i karbontida. Dei største øyane er:
Øy | Folketal (2001) |
Areal (km²) | Største busetnad |
---|---|---|---|
St Mary's | 1666 | 6,29 | Hugh Town |
Tresco | 180 | 2,97 | New Grimsby |
St Martin's (med White Island) | 142 | 2,37 | Higher Town |
St Agnes (med Gugh) | 73 | 1,48 | Saint Agnes |
Bryher (med Gweal) | 92 | 1,32 | Bryher |
Samson | -(1) | 0,38 | |
Annet | - | 0,21 | |
St Helen's | - | 0,20 | |
Teän | - | 0,16 | |
Great Ganilly | - | 0,13 | |
45 småøyar | - | 0,50 | |
Isles of Scilly | 2153 | 16,03 | Hugh Town |
(1) busett fram til 1855
Det milde klimaet her gjer at dei lokale bøndene gror mykje blomar, mellom anna påskeliljer. Om vinteren vert øyane stundom råka av kraftig vind frå Atlanteren. Dette kan ein sjå igjen i landskapet, som hovudsakleg består av nakne berg og lyngheie ut mot havet.
Historie
endreØyane har vore busett sidan steinalderen. Innbyggjarar har alltid levd av det dei kunne dyrke og fiske. Sjølv om jordbruk og fiske framleis er viktig i dag, er turisme no den største inntektskjelda.
I 1651, under den engelske borgarkrigen, vart øyane erobra av parlamentarianarane under admiral Robert Blake.
På 1800-talet hadde øyane si stordomstid. Strendene som i dag vert vitja av turistar vart då nytta til skipsbygging, og hamnene var fulle av fiskebåtar og handelsskip.
Ein gammal tradisjon som vert halde i hevd er kapproing mellom dei fem øyane med raske båtar – «gigs», med 6 eller 7 mann om bord. Det vert sagt at tradisjonen stammer frå kappløpa om å komme først fram til skipsvrak for å redde lasten.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scillyøyane» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell turistside
- Isles of Scilly Area of Outstanding Natural Beauty Arkivert 2005-11-23 ved Wayback Machine.
- Offisiell nettstad Arkivert 2011-01-13 ved Wayback Machine.
- Tresco360 Arkivert 2020-06-15 ved Wayback Machine.: panoramabilete frå Tresco
- Postkort frå Isles of Scilly