Ismail Kadaré

albansk poet og skribent
(Omdirigert frå Ismail Kadare)

Ismail Kadaré (fødd 28. januar 1936 i Gjirokastra sør i Albania) er ein albansk forfattar. Kadaré studerte litteraturvitskap i Tirana og Moskva. Etter at Albania og Sovjetunionen braut med kvarandre, arbeidde han som journalist i Tirana. Sidan heldt han i fleire år fram som berre forfattar. Han flytta til Paris tidleg på 1990-talet, og der har han budd sidan.

Ismail Kadaré

Statsborgarskap Albania, Frankrike, Kosovo
Fødd 28. januar 1936
Gjirokastër
Død

1. juli 2024 (88 år)
Moder Teresa-hospitalet, Tirana

Yrke lyrikar, romanforfattar, omsetjar, skribent
Språk albansk
Medlem av Albanias vitenskapsakademi, Académie des sciences morales et politiques, Academy of Sciences and Arts of Kosovo, Montenegrin Academy of Sciences and Arts
Religion ateisme
Ektefelle Helena Kadare
Ismail Kadaré på Commons

Kadaré har skrive fleire titals bøker, og mange av romanane hans er omsette til meir enn 40 språk. Dei mest kjende bøkene hans vart skrivne under kommunistregimet i Albania. Kadaré har dei siste åra ofte vorte nemnd som ein mogleg kandidat til nobelprisen i litteratur. Han vart i 2009 tildelt Fyrsten av Asturias-prisen for litteratur.[1]

Verk på norsk

endre
  • 1968 – Bryllupet (roman, omsetting ved Torstein Bugge Høverstad), Forlaget Oktober (1972)
  • 1985 – Den døde hærs general (roman)
  • 1990 – Hvem fulgte Doruntine hjem? (roman)
  • 1991 – Drømmenes palass (roman)
  • 1991 – Albansk vår: krønike, brev, refleksjoner
  • 1992 – H for Homer (roman)
  • 1993 – Avbrutt april (roman)
  • 1999 – Tre sørgesanger for Kosovo

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. «Premiados 2009» hjå Fundación Príncipe de Asturias.