Isn't It Midnight

Isn't It Midnight
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tango in the Night
B-side

«Mystified»

Utgjeve Juni 1988 (UK)
Innspelt 1987
Sjanger Pop
Lengd 4:06
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Christine McVie, Eddie Quintela, Lindsey Buckingham
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Fleetwood Mac-kronologi 
«Everywhere»
(1988 UK)
Isn't It Midnight «As Long as You Follow»
(1988 UK)


«Isn't It Midnight» er ein song av Fleetwood Mac på albumet Tango in the Night frå 1987. Songen vart skriven og sungen av Christine McVie og vart den siste songen frå albumet som vart gjeven ut på singel i somme land i 1988.

I Storbritannia vart «Isn't It Midnight» gjeven ut som oppfølgjaren til «Everywhere» og nådde 60. plassen på singellista der den 18. juni 1988. I Irland gjorde singelen det betre og nådde 23. plassen der.

Dette var den andre offisielle Fleetwood Mac-songen som vart gjeven ut på 3" CD-singel, i tillegg til 7"- og 12" vinyl. ALle formata inneheld albumsporet «Mystified», medan CD-utgåva og 12"-utgåva inneheld bonusspora «Say You Love Me» (frå 1975) og «Gypsy» (frå Mirage i 1982).

Songen er ikkje med på samleplata The Very Best of Fleetwood Mac frå 2002, med ein 'alternate mix' finst i plateboksen 25 Years – The Chain, som kom ut i 1992. Miksen inneheld òg CD-singelen «Love Shines», som kom ut i 1992 for å marknadsføre 25 Years – The Chain.

Lister endre

Liste (1988) Plassering
UK Singles Chart[1] 60
U.S. Album Rock Tracks 14
Irish Singles Chart 23
Dutch Singlar Chart 32

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre