Say You Love Me av Fleetwood Mac

Say You Love Me
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Fleetwood Mac
B-side

«Monday Morning»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1976 (USA)
September 1976 (UK)
Innspelt Februar 1975
Sjanger Rock, softrock
Lengd 4:11 (album version)
4:01 (single version)
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Christine McVie
Produsent Fleetwood Mac, Keith Olsen
Fleetwood Mac-kronologi 
«Rhiannon»
(1976)
Say You Love Me «Go Your Own Way»
(1977)


«Say You Love Me» er ein song skriven av songaren Christine McVie for Fleetwood Mac. Han kom ut på albumet Fleetwood Mac i 1975. Songen nådde 11. plass på Billboard Hot 100 og er ein av dei mest kjende songane til bandet. Songen var medverkande til at albumet selde over åtte millionar eksemplar.

I Storbritannia var «Say You Love Me» den fjerde singelen frå albumet, men den første som nådde singellista, då han nådde 40. plassen i september 1976. I Canada spelte Shirley Eikhard inn «Say You Love Me» og gav han ut på singel fleire veker før Fleetwood Mac-versjonen kom ut tidleg i juni 1976. Eikhard nådde 34. plass på singellista i Canada med sin versjon, medan Fleetwood Mac berre nokre veker seinare nådde 29. plass i september.

Bakgrunn endre

Christine skreiv songen etter det femte året hennar i bandet. Ho var på dette tidspunktet gift med John McVie, som var bassist i Fleetwood Mac.

«Say You Love Me» har blitt sju turnear av Fleetood Mac etter han kom ut.[1]

I tillegg til albumet frå 1975, finst «Say You Love Me» på to andre samlealbum av Fleetwood Mac: Greatest Hits av Fleetwood Mac (1988) og 25 Years - The Chain.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Seint i 1970-åra vart songen populær å spele inn blant countryartistar. Songaren Lynda K. Lance låg fem veker inne på den amerikanske countrylista med songen hausten 1976 og nådde 93. plassen. Hausten 1979 fekk Stephanie Winslow den einaste topp 10-hitten på countrylista i karrieren sin med sin versjon av songen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre