Christine Anne Perfect (12. juli 194330. november 2022), med artistnamnet Christine McVie, var ein engelsk songar-låtskrivar og klaverspelar. Ho vart kjend som medlem av rockebandet Fleetwood Mac, og kom med i bandet i 1970 då ho var gift med bassisten John McVie.[1] Åtte songar ho skreiv og song på finst på Greatest Hits-albumet til bandet, inkludert «Don't Stop», «Little Lies», «Everywhere», «Over My Head» og «You Make Loving Fun». Ho har òg gjeve ut tre soloalbum. AllMusic-kritikaren Steve Leggett skreiv om McVie at ho hadde ein «naturleg, røykaktig, låg altvokal», og skildra ho som «ein songar/låtskrivar det var lett å høyre på, og den viktigaste bidragsytaren til somme av dei største hittane til Fleetwood Mac.»[2]

Christine McVie

McVie i 1977
Fødd12. juli 1943 (80 år)
FødestadBouth i Cumbria i England
Død30. november 2022
Dødsstadunknown location
FødenamnChristine Anne Perfect
OpphavStorbritannia
Aktiv1967-1998, 2004, 2013-2022
SjangerBlues, poprock, softrock, pop
Instrumentvokal, klaverinstrument, gitar, bass, piano, tamburin
Stemmetypealt
Tilknytte artistarFleetwood Mac, Chicken Shack
PlateselskapBlue Horizon, Reprise, E1 (US), Sanctuary
Verka somSongar-låtskrivar, klavarspelar
Gift medJohn McVie, Eddy Quintela
Sambuar medDennis Wilson

I 1998 vart McVie, som medlem av Fleetwood Mac, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk Brit Award for eineståande bidrag til musikk. Etter ho trekte seg frå bandet, har ho arbeidd på solomateriale i ein ombygd låve i heimen sin i Wickhambreaux i Kent. McVie spelte med Fleetwood Mac på O2 Arena i London i september 2013, og kom attende til bandet i januar 2014. Den første heile konserten hennar med bandet sidan ho kom attende var i oktober 2014.[3] I 2014 fekk ho Ivor Novello-prisen for heile karrieren sin.[4]

Tidleg liv endre

McVie vart fødd i den vesle landsbyen Bouth i Lake District i England[5] (då i Lancashire, i dag i Cumbria) og voks opp i Bearwood-området i Smethwick nær Birmingham, der faren, Cyril P.A. Perfect, var konsertfiolinist og musikklærar ved St Peter's College of Education i Saltley i Birmingham og lærte fiolin ved St Philip's Grammar School i Birmingham. Mor til McVie, Beatrice E.M. (kalla Tee) fødd Reece, hevda å vere synsk og healer. Bestefaren til McVie hadde vore organist i Westminster Abbey.[6]

McVie byrja å få opplæring i musikk frå ho var 11, då byrja å spele piano.[7] Etter å ha byrja med klassisk musikk, gjekk ho over til rock and roll då ho var 15 og broren John tok med seg heim ei songbok av Fats Domino.[8] Ho var òg tidleg inspirert av The Everly Brothers.

Tidleg musikk endre

McVie studerte biletkunst i Birmingham i fem år, med målet om å verte kunstlærar. I denne tida møte ho fleire vener i det britiske musikkmiljøet.[7] Dei første venene ho spelte med var Stan Webb og Andy Silvester, som spelte i eit band kalla Sounds Of Blue. Dei visste at McVie hadde talent og bad ho med i bandet.[9] På denne tida song ho òg ofte med Spencer Davis. Etter fem år var ho ferdig å studere.

Chicken Shack endre

I 1967 fekk McVie vite at dei tidlegare bandvenene hennar, Andy Silvester og Stan Webb, skulle starte eit bluesband, Chicken Shack, og var på utkikk etter ein pianist. Ho skreiv til dei og bad om å få bli med, og dei inviterte ho med seg på klaverinstrument og for å syngje korvokal. Den første utgjevinga til Chicken Shack var «It's Okay With Me Baby», skriven og framført i lag med McVie.[9] Ho var med Chicken Shack for to album, begge innafor blues.[10] Chicken Shack hadde ein hitt med «I'd Rather Go Blind», med McVie på solovokal.[11] Perfect fekk ein pris av Melody Maker for årets kvinnelege vokalist i både 1969 og 1970. McVie slutta i Chicken Shack i 1969 då ho gifta seg med Fleetwood Mac-bassisten John McVie.

Fleetwood Mac endre

McVie var fan av Fleetwood Mac på den tida (medan ho spelte i Chicken Shack), og dei to bandene møtte ofte kvarandre. Dei var òg på same plateselskapet, Blue Horizon, og Fleetwood Mac hadde bede McVie om å spele piano som studiomusikar på Peter Green-songar på det andre albumet deira, Mr. Wonderful.[12]

McVie spelte inn eit soloalbum, Christine Perfect, og etter suksessen hennar som medlem i Fleetwood Mac, vart det gjeve ut som The Legendary Christine Perfect Album. Etter ho gifta seg med Fleetwood Mac-bassisten John McVie, vart McVie med i Fleetwood Mac i 1970. Ho hadde då alt sunge korvokal og laga omslaget til Kiln House. Bandet hadde nettopp mista medlemmet Peter Green, og var uroa for å halde fram utan han. McVie hadde vore ein stor fan av Fleetwood Mac medan Green var med, og sidan ho kjende alle tekstane til songane deira, vart ho med dei på turné.[13]

McVie vart etterkvart ein viktig del av gruppa og det første albumet hennar som fulltidsmedlem var Future Games, med amerikanske Bob Welch som erstattar for Jeremy Spencer. Danny Kirwan var framleis i bandet på denne tida, men fekk sparken i 1972 etter han knuste gitaren sin etter ein krangel med Welch.

Tidleg i 1970-åra var mange inn og ut av bandet, og berre albuma Bare Trees og Mystery to Me vart noko suksess.[14]

I 1974 gjekk McVie motvillig med på å flytte med resten av Fleetwood Mac til USA og starte på ny. Det neste året kom Stevie Nicks og Lindsey Buckingham frå Buckingham Nicks med i bandet, og gav det ein ny dimensjon. Det første albumet deira i lag, Fleetwood Mac frå 1975, hadde fleire hitsongar, mellom anna McVie sine «Over My Head» og «Say You Love Me», som begge nådde Topp 20 på Billboard-lista i USA. Det var «Over My Head» som først sette Fleetwood Mac på amerikansk radio og den amerikanske singellista.[15]

I 1976 hadde McVie eit forhold til lysansvarleg på konsertane til bandet,[16] som inspirerte hennar til å skrive «You Make Loving Fun», ein hit på albumet Rumours, eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene. Den største hitten hennar var «Don't Stop», som nådde tredjeplassen på singellista i USA.

Mot slutten av Rumours-turneen skilde McVie seg frå mannen. McVie heldt fram å skrive fleire hittar for bandet i starten av 1980-åra, mellom anna «Hold Me», som var inspirert av eit dårleg forhold med trommeslagaren i Beach Boys, Dennis Wilson.[17]

I 1984 spelte McVie inn eit anna soloalbum med hittane «Got a Hold on Me» og «Love Will Show Us How».

McVie møtte òg klarspelaren Eddy Quintela, som ho gifta seg med 18. oktober 1986. Quintela var medlåtskrivar på fleire av songane ho skreiv for framtidige Fleetwood Mac-album. Paret skilde seg i midten av 1990-åra. Ho spelte inn Tango in the Night med Fleetwood Mac, som vart den største suksessen til bandet etter Rumours ti år tidlegare. Den største hitten frå albumet var McVie sin «Little Lies», som ho skreiv i lag med ektemannen Quintela.

McVie var alltid motvillig til turnélivet og føretrekte å vere heime med familie og vener. Då faren, Cyril Prefect, døydde medan ho var på turné med Behind the Mask, valde McVie å gje seg heilt med turneringa.[18] McVie vart innlemma i lag med resten av gruppa i Rock and Roll Hall of Fame i 1998, og ho slutta etter dette heilt å turnere, mellom anna fordi ho òg hadde utvikla flyskrekk.[18]

Etter konsertalbumet The Dance kmo i 1997, reiste McVie attende til England for å vere nær familien, og var ute av rampelyset fram til 2000, då ho vart æresdoktor i musikk ved University of Greenwich.[19]

I midten av 2004 gav McVie ut eit nytt soloalbum, In the Meantime. Ho spelte inn albumet i ein ombygd låve i Kent, og arbeidde på prosjektet i lag med nevøen sin, Dan Perfect. I 2006 fekk McVie gullmedaljen til British Academy of Songwriters, Composers and Authors.[20]

I 2013 dukka McVie opp på scenen i Maui i Hawaii i lag med Mick Fleetwood Blues Band. Dette var første gongen på 15 år ho stod på ein scene.[21] Seinare i september det året, vart McVie med Fleetwood Mac på scenen for første gong på 15 år for å spele «Don't Stop» i The O2 Arena i London.[22][23][24]

I 2014 vart McVie offisielt med i bandet att.[25] Den mest populære besetninga av bandet (Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie og Stevie Nicks) spelte dermed i lag for første gongen sidan 1998 då dei la ut på turné i lag i septemebr 2014.

Samarbeid endre

McVie song med Dennis Wilson på songen hans «Love Surrounds Me» for The Beach Boys-albumet L.A. (Light Album) i 1979. Ho song òg med Christopher Cross på songen «Never Stop Believing» i 1988 på albumet Back of My Mind.

Diskografi endre

Med Chicken Shack endre

År Album U.S. Billboard 200 UK Album Chart[26] Anna informasjon
1968 40 Blue Fingers, Freshly Packed and Ready to Serve - 12 -
1969 O.K. Ken? - 9 -

Med Fleetwood Mac endre

År Album U.S. Billboard 200 UK Album Chart[27] Anna informasjon
1968 Mr. Wonderful - 10 Første Fleetwood Mac-album med Christine McVie som studiomusikar. I følgje Mike Vernon, produsent på plata, spelte McVie piano på alle Peter Green-songane, medan Jeremy Spencer spelte piano på sine eigne.
1969 Then Play On 192 6 Christine McVie er med som studiomusikar på dette album.
1970 Kiln House 69 39 Christine McVie laga omslaget og song duett med Danny Kirwan på «Station Man» (ikkje oppført på omslaget, men enkelt å øyre). Medan Jeremy Spencer spelte alle klaverinstrumenta på albumet. McVie kan ha spelt elektrisk piano på «Tell Me All the Things You Do».
1971 Future Games 91 - Første albumet med Christine McVie som fulltidsmedlem av Fleetwood Mac. Ho medverka med og song på to songar.
1972 Bare Trees 70 - McVie skreiv «Spare Me A Little Of Your Love» og «Homeward Bound».
1973 Penguin 49 - McVie-songane «Remember Me» og «Did You Ever Love Me» vart gjevne ut som singlar, men selde dårleg
1973 Mystery to Me 68 - - Med fire McVie-songar, som ho syng solovokal på, i tillegg til at ho syng ein av Welch sine songar.
1974 Heroes Are Hard to Find 34 - Den einaste singelen frå albumet var tittelsporet, som McVie skreiv. Ho skreig og song fire songar på albumet.
1975 Fleetwood Mac 1 23 Første albumet med Stevie Nicks & Lindsey Buckingham. Christine McVie sin eigen «Over My Head» vart den første radiohitten til Fleetwood Mac i USA og nådde 20. plassen på Billboard Hot 100. Singelen hennar «Say You Love Me» vart òg ein hit.
1977 Rumours 1 1 Med den største hitsingelen som McVie skreiv, «Don't Stop» — som nådde tredjeplassen i USA. Albumet inneheld òg songane hennar «You Make Lovin' Fun», «Oh Daddy» og «Songbird».
1979 Tusk 4 1 Ho skreiv «Think About Me", som vart ein hit i 1980. Peter Green spelar noko gitar på McVie sin «Brown Eyes»
1980 Live 14 31 Med ein ny Christine McVie-song, «One More Night»
1982 Mirage 1 5 Christine McVie skreiv «Hold Me» (US#4) og «Love in Store» (US#22).
1987 Tango in the Night 7 1 Christine McVie skreiv «Little Lies» (UK#5, US#4), «Everywhere» (UK#4, US#14) og «Isn't It Midnight» (UK#60).
1988 Greatest Hits 14 3 Med to nye songar av Christine McVie, mellom anna hitten «As Long as You Follow».
1990 Behind the Mask 18 1 Christine McVie sin «Save Me» nådde Topp 40 i USA i 1990.
1995 Time - 47 Det siste studioalbumet med McVie som fulltidsmedlem av bandet.
1997 The Dance 1 15 Christine McVie deltok på den siste turneen sin med Fleetwood Mac og trekte seg etter dette frå gruppa.
2003 Say You Will 3 6 Christine McVie vart oppført som gjestemusikar. Ho spelte klaverinstrument og song korvokal på «Bleed to Love Her» og «Steal Your Heart Away».

Soloalbum endre

År Album U.S. Billboard 200 U.S. Independent Album UK Album Chart[28] Anne informasjon
1970 Christine Perfect - - - Med ein versjon av Fleetwood Mac sin «When You Say»
1984 Christine McVie 26 - 58 Med den største singelen til Christine McVie utanom Fleetwood Mac—«Got A Hold On Me» som nådde tiandeplassen i USA.
2004 In the Meantime - 32 133 Christine McVie laga albumet i lag med nevøen Dan Perfect.

Kjelder endre

  1. «Christine McVie». billboard.com. Henta 11. mai 2015. 
  2. Leggett, Steve. «Christine McVie: Biography». AllMusic. Henta 11. mai 2015. 
  3. «A Band Member Returns to the Fold». The New York Times. Henta 12. mai 2015. 
  4. Pakinkis, Mike (22 May 2014). «Ivor Novello Awards 2014: All the winners». Music Week (London, England: Intent Media). Henta 11. mai 2015. 
  5. «Marriages and Births England and Wales 1837–2006». Findmypast.co.uk. Henta 11. mai 2015. 
  6. Doerschuk, Bob (October 1980). «Christine McVie». Contemporary Keyboard. Arkivert frå originalen 12. mars 2016. Henta 12. mai 2015. 
  7. 7,0 7,1 Richards, Andy (29. september 2013). «Rumour: Christine McVie to play with Fleetwood Mac in Birmingham». Birminghammail.co.uk. Henta 12. mai 2015. 
  8. «Christine McVie: Life After Fleetwood Mac». Sunday Express. 27 June 2004. Arkivert frå originalen 29. september 2011. Henta 12. mai 2015. 
  9. 9,0 9,1 «Disc Magazine (11/08–15/1969), Who's Perfect?». Blafleetwoodmac.net. Arkivert frå originalen 12. februar 2007. Henta 12. mai 2015. 
  10. Fleetwood Mac, by Steve Clarke, Proteus Books, 1984, s. 47
  11. Fleetwood Mac, by Steve Clarke, Proteus Books, 1984, s. 48
  12. Mike Vernon's CD Booklet, Fleetwood Mac: The Complete Blue Horizon Sessions 1967-1969, Chapter 2
  13. «Goldmine Magazine 1992 interview». Bla.fleetwoodmac.net. Arkivert frå originalen 12. april 2015. Henta 12. mai 2015. 
  14. «Fleetwood Mac Biography | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. 15. april 2013. Arkivert frå originalen 13. april 2015. Henta 12. mai 2015. 
  15. Fleetwood Mac, by Steve Clarke, Proteus Books, 1984, s. 92
  16. «Five Go Mad». Uncut Magazine. May 2003. Arkivert frå originalen 29. september 2011. Henta 12. mai 2015. 
  17. Fleetwood, Mick & Stephen Davis. My Life and Adventures in Fleetwood Mac. Avon Books, 1991.
  18. 18,0 18,1 Mick Fleetwood autobiography, «Play On", 2014
  19. «Fleetwood Mac Star, Christine McVie, Awarded Honorary Degree At Rochester Cathedral, 20 July 2000.». 3.gre.ac.uk. Henta 12. mai 2015. 
  20. «Christine McVie Honored With Gold Badge Award». BMI.com. Henta 12. mai 2015. 
  21. «Christine McVie joins Mick Fleetwood and Steven Tyler on stage». GIGWISE.com. Henta 12. mai 2015. 
  22. «Fleetwood Mac with Christine McVie - Don't Stop - 25th September 2013». YouTube. 25. september 2013. Henta 15. april 2014. 
  23. «Christine McVie to rejoin Fleetwood Mac on stage». BBC News. 13 September 2013. Henta 17 September 2013. 
  24. «Christine McVie: I Want To Rejoin Fleetwood Mac». The Guardian. 22 November 2013. Henta 1. mai 2015. 
  25. «Christine McVie Rejoins Fleetwood Mac: Official». Billboard. 13 January 2014. 
  26. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 104. ISBN 1-904994-10-5. 
  27. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 205. ISBN 1-904994-10-5. 
  28. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 341. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff endre