Israel av Siouxsie and the Banshees

Israel
Singel av Siouxsie and the Banshees
B-side

«Red Over White»

Språk engelsk
Utgjeve 28. november 1980
Innspelt 1980
Sjanger Post-punk
Lengd 4:54
Selskap Polydor
Komponist Siouxsie Sioux, Budgie, John McGeoch, Steven Severin
Tekstforfattar Siouxsie Sioux, Budgie, John McGeoch, Steven Severin
Låtskrivar(ar)
Produsent Nigel Gray, Siouxsie and the Banshees
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Christine»
(1980)
Israel «Spellbound»
(1981)


«Israel» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, opphavleg berre gjeven ut på singel i 1980 på Polydor Records. Songen var skriven av Siouxsie and the Banshees med Nigel Gray som medprodusent. Han vart selt inn med eit 30 mann stort walisisk kor.[1] Medan dei var på turné i Europa hausten 1980, ønskte bandet å skrive ein julesong for desember det året. Dei skreiv han på vegen, som var ganske uvanleg for dei.[2]

Songen vart ein favoritt hos fleire artistar, som Air-medlemmet Jean-Benoît Dunckel, som valde songen som ein av dei ti favorittsongane sine,[3] og bandet Ride, som spelte songen over høgtalaranlegget før konsertane deira,[4] og produsenten Howie B. (ofte samarbeidspartnar med Björk og Tricky i 1990-åra) hadde med songen på ei liste då han synte musikk han lytta til då han voks opp i Glasgow.[5]

Utgjeving endre

«Israel» kom ut som ein enkelt singel mellom albuma Kaleidoscope (1980) og Juju (1981) den 28. november 1980 på Polydor. Singelen nådde 41. plassen på UK Singles Chart.[6] Det var den første singelen deira som òg kom ut på 12"-vinyl sjølv om songane på begge sider av 12"-utgåva var like lange som på 7"-utgåva.

Songen nådde 73. plassen på den amerikanske National Disco Action Top 100-lista som ei importplate,[7] men «Israel» kom ikkje ut på noko Siouxsie and the Banshees-album før Once Upon a Time: The Singles året etter.

Songen vart ommastra i 2002 for samleplata The Best of Siouxsie and the Banshees og kom sidan ut som bonusspor på 2006-utgåva av Kaleidoscope.

Andre versjonar endre

«Israel» vart spelt av gotisk rock-bandet Mephisto Walz i 1996 og gjeven ut på albumet Strawberry Girl - A Tribute To Siouxsie And The Banshees 1997.

«Israel» vart sidan spelt inn av Nouvelle Vague i 2006 på albumet deira Bande à Part.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Siouxsie Sioux, Steven Severin, John McGeoch og Peter Clarke..

Nr.TittelLengd
1.«Israel»4:54
2.«Red Over White»4:31

Salslister endre

Liste (1980) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[6] 41
Liste (1981) Plassering
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[7] 73

Kjelder endre

  1. Houston, Billy (1980), The File, Phase One, The File [official fanzine] 
  2. Paytress, Mark (2003). Siouxsie & the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary. ISBN 1-86074-375-7. 
  3. «JDB Ma Compile La Sélection DE Darkel (Jean-Benoît DunckeL de AIR) [His all-time favourite playlist]». Les Inrockuptibles. September 2006. Arkivert frå originalen 29. august 2018. Henta 25. august 2018. 
  4. «Ride - Venue Music - May 2015 UK Tour». Soundcloud.com. Henta 6. mai 2014. 
  5. «Clash DJ Mix - Howie B«I hope you enjoy the trip...»». Clashmusic. 4. oktober 2014. Arkivert frå originalen 21. januar 2019. Henta 22. januar 2018. 
  6. 6,0 6,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. juli 2018.
  7. 7,0 7,1 "the Banshees?f=359&g=Singles Siouxsie the Banshees Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Siouxsie the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 12. juli 2018.