Spellbound av Siouxsie and the Banshees

Spellbound
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Juju
B-side

«Follow the Sun», «Slap Dash Snap»

Utgjeve 22. mai 1981
Innspelt 1981
Sjanger Post-punk[1]
Lengd 3:18
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke, John McGeoch og Steven Severin
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Israel»
(1980)
Spellbound «Arabian Knights»
(1981)


«Spellbound» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart skriven av gruppa med Nigel Gray som medprodusent. Songen kom ut i 1981 på Polydor som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Juju.

Utgjeving

endre

«Spellbound» kom ut på Polydor 22. mai 1981. Singelen nådde 22. plassen på UK Singles Chart i 1981.[2][3] Han nådde òg 64. plassen på den amerikanske National Disco Action Top 80-lista.[4]

12"-versjonen av songen kom ut som bonusspor på 2006-utgåva av Juju.

Mottaking

endre

Melody Maker kalla singelen «spanande».[5] The Guardian omtalte songen som eit «popunder».[6]

I 2006 æra Mojo gitaristen John McGeoch ved å rangere han som ein av dei hundre beste gitaristane gjennom tidene for spelinga si på «Spellbound».[7]

Innhald

endre
7"
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Spellbound»3:19
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Follow the Sun»2:49
12"
Side A
Nr.TittelLengd
1.«Spellbound (Extended)»4:40
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Follow the Sun»2:49
2.«Slap Dash Snap»3:42

Medverkande

endre

Salslister

endre
Liste (1981) Plassering
UK Single Chart 22
US National Disco Action Top 80 64

Kjelder

endre
  1. Bassett, Jordan (20. februar 2019). «Turns out Karl Lagerfeld was an indie kid all along». NME. Henta 16. august 2020. 
  2. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  3. «Siouxsie and the Banshees - UK Singles Chart». OfficialCharts. Henta 10. oktober 2015.
  4. «Billboard singles - Siouxsie and the Banshees». allmusic. Arkivert frå originalen 22. oktober 2011. Henta 2. juli 2017. 
  5. Hewitt, Paulo (23. mai 1981). ««Spellbound» review». Melody Maker. 
  6. Petridis, Alex (21. november 2007). «Artists Beginning with S | Music | The Guardian». The Guardian. Henta 16. august 2020. 
  7. «John McGeogh – Spellbound – (Siouxsie & the Banshees, Juju) – 1981 – Yamaha». Mojo (89). June 1996. Henta 16. august 2020.