It's Still Rock and Roll to Me
It's Still Rock & Roll to Me Singel av Billy Joel frå albumet Glass Houses | ||
B-side |
«Through The Long Night» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mai 1980 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:57 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«You May Be Right» (1980) |
It's Still Rock & Roll to Me | «Don't Ask Me Why» (1980)
|
«It's Still Rock & Roll to Me» er ein song skriven og framført av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart ein stor hitt og nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i to veker sommaren 1980. Songen låg 11 veker inne på topp 10, og vart den sjuande største hitten i 1980 i USA.
Innhald
endreSongen er eit kynisk syn på musikkindustrien der manageren bed songaren om å framleis vere hip for dei yngre kjøparane («What's the matter with the car I'm driving? / Can't you tell that it's out of style?»). Songaren nektar å endre seg og hevdar at musikken vil vere relevant uansett korleis han ser ut. Songen eit stikk frå Joel til dei nye musikksjangrane som oppstod seint i 1970-åra (punk, funk, new wave) og har sjølv ein new wave-stil. Inspirasjonen til songen kom av ei melding om eit band Joel ikkje kjende musikken til. Musikkvideoen syner Joel som blandar element av new wave, punk og funk medan han speler inn ein musikkvideo.
Singelen selde til platinaplate i USA.
«Weird Al» Yankovic laga ein parodi av songen kalla «It's Still Billy Joel to Me» for Dr. Demento's Basement Tapes. Songen vart seinare spelt av Pretty Boy Floyd på demosamlinga deira The Vault 2.[1] Drake Bell spelte inn songen i 2014 på Ready Steady Go!.
Medverkande
endre- Billy Joel: vokal, piano and elektrisk piano
- Dave Brown: elektrisk gitar
- Richie Cannata: saksofon solo
- Liberty DeVitto: trommer and perkusjon
- Russell Javors: elektrisk gitar
- Doug Stegmeyer: bassgitar
Lister
endreListe (1980) | Plassering |
---|---|
Australia | 10 |
Canada | 1 |
Irland | 11 |
New Zealand | 21 |
UK Singles Chart | 14 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 45 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's Still Rock and Roll to Me» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Perris Records - Pretty Boy Floyd - Vault 2 Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. Henta 27. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Video på YouTube / ⒞1980 Sony BMG channel
- Heile songteksten på MetroLyrics