Opna hovudmenyen
You May Be Right
Singel av Billy Joel
frå albumet Glass Houses
Utgjeve 7. mars 1980
Innspelt 1979
Sjanger Rock, new wave[1]
Lengd 4:15
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«All for Leyna»
(1980)
You May Be Right «It's Still Rock and Roll to Me»
(1980)


«You May Be Right» er ein song skriven og framført av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart gjeven ut som singel og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia slik dei føregåande singlane «All for Leyna» (UK #40) og «It's Still Rock and Roll to Me» (UK #14), hadde gjort. Den japanske singelen hadde «Close to the Borderline» som B-side.

«You May Be Right» og «All for Leyna» vare berre 4 minuttar og 15 sekundar og er dei lengste songane på Glass Houses. «You May Be Right» vart òg med på Greatest Hits - Volumes I and II. Songen låner eit riff frå Buffalo Springfield-hitten «Rock and Roll Woman» på albumet Buffalo Springfield Again.

Songen vart nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsshowet Dave's World, sungen av Southside Johnny. Songen vart framført av Garth Brooks i konsertvidoen This Is Garth Brooks frå Dallas, og av Brooks i 1997 i New York med Joel som gjest.[treng kjelde]

Songen er òg blitt spelt av AVAIL, Alvin and the Chipmunks,[2] Keith Urban, The Vindictives, the New Directions glee club i Glee, Southside Johnny og Rock Bottom Remainders.[treng kjelde]

Innhaldsliste

MedverkandeEndra

ListerEndra

Liste (1980) Plassering
Australia 28
Canada[3] 6
Japan Oricon Singles Chart 60
New Zealand 23
Sør-Afrika[4] 14
U.S. Billboard Hot 100 7
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 38

KjelderEndra

  1. «iTunes - Music - Glass Houses by Billy Joel». Itunes.apple.com. 9. mai 1949. Henta 29. august 2014. 
  2. Chipmunk Punk Allmusic. Henta 10 July 2011
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 16. mars 2012. 
  4. ««You May Be Right» on the Sør-Afrikan Singles Chart». Springbok Radio. August 30, 1980. Henta 29. august 2014. 

BakgrunnsstoffEndra