It Ain't Me Babe
«It Ain't Me Babe» song av Bob Dylan frå albumet Another Side of Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1964 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 3:34 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Tom Wilson |
«It Ain't Me Babe» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan i 1964.
Opningslinja («Go away from my window...») er visstnok inspirert av musikologen/visesongaren John Jacob Niles-songen «Go 'Way From My Window». Dylan har omtalt Niles som ei av inspirasjonskjeldene sine. Då Bob Dylan spelte dei første elektriske konsertane sine i Forest Hills Tennis Stadium, Carnegie Hall, The Hollywood Bowl og Monterey i 1965 spelte han «It Ain't Me, Babe» med eit elektrisk arrangement.
Andre utgåver
endre
Go 'way from my window,
Bob Dylan
|
Dylan og Johnny Cash var store beundrarar av kvarandre og Cash spelte inn denne songen i lag med kona June Carter. Songen vart gjeven ut på albumet Orange Blossom Special i 1965 og vart ein hit. Same året hadde The Turtles ein hit med songen i 1965. Han nådde åttandeplassen i USA og kom ut på album deira med same namn.
«It Ain't Me Babe» var ein av mange Dylan-songar spelt inn av Joan Baez. Nancy Sinatra spelte songen på albumet hennar Boots i 1966.
Andre utgåver
endre- Peter, Paul and Mary på albumet Flowers og Stones (1990).
- Silvertide, for filmmusikken til Lady in the Water.
- Dave Melillo på hyllestalbumet Listen To Bob Dylan (2005).
- New Found Glory (Johnny Cash-utgåva) på From the Screen to Your Stereo Pt. 2.
- Jesse Cook, på Frontiers (2007)
Norske versjonar
endreDet er skrive to norske tekstar til songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og fekk tittelen «Det ække meg, kjei» og framført av Kåre Virud i 1977. Den andre vart skriven av Håvard Rem som «Det e itj mæ, nei» og framført av Åge Aleksandersen i 1997.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It Ain't Me Babe» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2009.