Ivar Kirkeby-Garstad
Ivar Larsson Kirkeby-Garstad (5. august 1877–19. juni 1951) var ein norsk gardbrukar og lensmann frå Vikna. Han var aktiv i politikken, fyrst for Venstre og seinare for Bondepartiet. Han var handelsminister 1932-33 i Hundseid-regjeringa.
Ivar Kirkeby-Garstad | |||
| |||
Fødd | 5. august 1877 Vikna | ||
---|---|---|---|
Død | 19. juni 1951 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet, Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde, lensmann | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Barn | Roald Kirkeby-Garstad, Lars Kirkeby-Garstad | ||
Alle verv |
|
Kirkeby-Garstad hadde femårig landbruksutdanning frå Vinterlandbruksskolen og Noregs Landbrukshøgskule. Frå 1900 var han gardbrukar på Garstad i Vikna, jamsides gardsdrifta var han postopnar og dampskipsekspeditør. Han var lensmann i Nærøy og Vikna i tida 1933-48.
Han var medlem av Vikna heradsstyre frå 1905 og varaordførar 1917-19. Då Bondepartiet vart skipa i 1920, melde han seg inn i det nye partiet og representerte dette sidan. Han var landsstyremedlem 1922-26 i Norges Bondelag og 1922–26, 1931–33 i Bondepartiet.
Kirkeby-Garstad representerte Nord-Trøndelag og Bondepartiet på Stortinget frå 1922 til 1945. Han var medlem av Næringskomitéen og Sjøfarts- og fiskerikomitéen. Då statsminister Peder Kolstad vart dødssjuk i slutten av februar vart Kirkeby-Garstad tatt inn i regjeringa som styrar av Landbruksdepartementet. Han var utnemnd til handelsminister då Jens Hundseid danna regjering 14. mars 1932 og gjekk av då regjeringa vart felt 3. mars 1933. Ved stortingsvalet hausten 1945 tapte han plassen på Stortinget, men møtte tidvis som vararepresentant.
Ivar Kirkeby-Garstad var far til Lars Kirkeby-Garstad og oldefar til Lars Peder Brekk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivar Kirkeby-Garstad» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2016.