Ivar Vaksdal

norsk politikar

Ivar Johannesson Vaksdal (18. desember 187621. november 1957) var ein norsk ingeniør og politikar, fødd i Samnanger og oppvaksen i Vaksdal. Frå 1937 til 1945 var han stortingsrepresentant for Venstre.

Ivar Vaksdal
Fødd18. desember 1876
Samnanger
Død21. november 1957 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, ingeniør
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1922–1924)
  • vararepresentant til Stortinget (1931–1933)
  • vararepresentant til Stortinget (1934–1936)
  • stortingsrepresentant (1937–1945) Sjå dette på Wikidata

Ivar Vaksdal var son til Johannes J. Kvitingen, mylnar ved Vaksdals Kornmølle. Sjølv utdanna han seg ved Trondhjems tekniske læreanstalt, der han tok eksamen i 1901 på ingeniørlinja. 1901-02 var han tilsett med reisinga av grensefestningar i Smålenene, 1902-03 hadde han arbeid heime i Bergen. Perioden 1903-06 dreiv han eiga ingeniørforretning i Ålesund, sidan i åra 1907-11 i heimbyen Bergen. Frå 1911 var han disponent av Margarinfabrikken Norge A/S i Bergen.

Vaksdal var medlem i Bergen bystyre frå 1910 til 1934, i tida 1913-22 med plass i formannskapet. Han var ei tid formann i det kommunale elektrisitetsverket og det kommunale gassverket.

Vaksdal møtte på Stortinget 1922-24 som varamann for statsminister Johan Ludwig Mowinckel fram til 6. mars 1923, og på ny frå 25. juli 1924, medlem i Jarnbanekomiteen. Valperioden 1931-33 møtte Vaksdal i Stortinget ei veke i mars 1933, då som varamann for Hans Fasmer. Valperioden 1934-36 møtte Vaksdal som varamann for statsminister Mowinckel fram til 20. mars 1935, då Nygaardsvold-regjeringa kom til makta. Perioden 1937-45 hadde Vaksdal fast stortingsplass, medlem i Finans- og tollkomiteen og 1945 i Sosialkomiteen.

Etter verdskrigen var Vaksdal formann i Komiteen om skadebot under krigføringa i 1940.

Kjelder

endre