Ivica Kostelić (fødd 23. november 1979) er ein kroatisk tidlegre alpinist fødd i Zagreb. Han vann Verdscupen i alpine greiner 2011 og vart verdsmeister i slalåm i 2003. I tillegg sanka han i perioden 2006-14 fire OL-sølv, samt ein sølv- og ein bronsemedalje i ulike verdsmeisterskap. Janica Kostelić er systera hans.

Ivica Kostelić


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 23. november 1979 (44 år)
Zagreb
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2010 – Slalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2006 – Kombinasjon menn, Alpint under Vinter-OL 2010 – Kombinasjon menn, Alpint under Vinter-OL 2014 – Kombinasjon menn

Utmerkingar

Skieur d’Or

Ivica Kostelić i 2011

Aktiv endre

Kostelić slo gjennom i 2002-sesongen, han vann då tre slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner og sikra seg FIS-pokalen som prov på at han var verdas beste i slalåm. Året etter vann han gullmedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz.

Under Vinter-OL 2006 i Torino tok Kostelić sølvmedaljen i kombinasjonen og vart nummer seks i slalåm. Fire år seinare fekk han med seg to sølvmedaljar heim frå vinterleikane 2010 i Vancouver, fyrst i superkombinasjonen og deretter i yndlingsgreina slalåm.

Sesongen 2010/11 lukkast Kostelić å vinne verdscupen i alpine greiner, i tillegg gjekk han til topps både i kombinasjonsgreina og slalåmgreina av verdscupen. I januar månad 2011 sette han to rekordar i verdscupen; han vann sju renn og tok heile 999 poeng. Men då VM i alpine greiner 2011 vart avvikla i februar månad i Garmisch-Partenkirchen måtte han nøye seg med ein bronsemedalje i super-G.

Både i VM i alpine greiner 2013 i Schladming og under Vinter-OL 2014 i Sotsji tok Kostelić sølv i superkombinasjon.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar