Ivor Raymonde (22. oktober 19264. juni 1990)[1], fødd Ivor Pomerance, var ein britisk musikar, låtskrivar, arrangør og skodespelar, mest kjend for sine særeigne orkesterarrangement for Dusty Springfield og andre i 1960-åra.

Ivor Raymonde
Fødd22. oktober 1926
FødestadMarylebone
Død4. juni 1990 (63 år)
DødsstadEwshot
FødenamnIvor Pomerance
AliasIvor Raymonde
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Verka sommusikar, skodespelar, låtskrivar, musikkprodusent, arrangør
BornSimon Raymonde

Liv og karriere endre

Han studerte ved Trinity College of Music,[2] og tenestegjorde som Bevin Boy under andre verdskrigen.[3] Han kom først inn i profesjonell musikk som jazz- og klassisk pianist. Han spelte i ulike storband og byrja å leia sitt eige band tidleg på 1950-talet. Deretter vart han musikksjef i BBC saman med Wally Stott. Han arbeidde tidvis som studiomusikar, og spelte på og arrangerte den britiske hitten til Johnny Duncan, «Last Train To San Fernando». Han arbeidde òg som skodespelar og støtta komikaren Tony Hancock i alle dei første TV-seriane til komikaren i 1956.[3]

Han gjekk vidare til Philips Records, der han arbeidde som produsent med Frankie Vaughan – som han arrangerte hittane «Tower of Strength» og «Loop de Loop» for – Marty Wilde og The Springfields.[3]Dusty Springfield gjekk solo i 1963, spelte han ein låt han hadde skrive for henne, som vart hennar første store hit, «I Only Want To Be With You», produsert av Johnny Franz.[2] Denne nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart, og han og tekstforfattaren Mike Hawker følgde han opp med den andre hitten til Dusty, «Stay Awhile». Raymonde heldt fram med å jobba som arrangør for Springfield gjennom 1960-åra, i tillegg til å arrangera og produsera hittar for Helen Shapiro, Billy Fury, The Walker Brothers, Susan Maughan, Ken Dodd, Alan Price, Honeybus, Eternal Triangle, Los Bravos, The Flies og mange andre. [3] På 1970-talet arbeidde han som arrangør og produsent hos DJM Records på albuma til skodespelaren Edward Woodward, og seinare arbeidde han med Ian Dury, Julio Iglesias og Richard Anthony.[2]

Han hadde fire barn: Gail, Linda og Nicholas, og Simon Raymonde frå Cocteau Twins, medgrunnleggjar og manager for det uavhengige plateselskapet Bella Union.

Ei samling av Ivor Raymondes innspelingar, 'Paradise: The Sound Of Ivor Raymonde, vart gitt ut på plateselskapet Bella Union i 2018

Kjelder endre

  1. «Ivor Raymonde». Discogs. Henta 13. juli 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Biografi av Bruce Eder på Allmusic
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Lin Bensley (June 2020). «The Engine Room: Ivor Raymonde». Record Collector #506 (London: Diamond Publishing): 128.