The Flies, òg kjend som No Flies on Us, var eit engelsk psykedelisk popband skipa i London i 1965. Dei gav ut tre singlar i løpet av karrieren sin og er mest kjend for ein versjon av «(I'm Not Your) Stepping Stone».

The Flies
Alias
  • No Flies on Us
  • The In-Sect
OpphavLondon i England
Aktiv1965-1968
Sjanger
Tilknytte artistarAlexander Bell
Plateselskap
Tidlegare medlemmer
    • Robin Hunt
    • Ian Baldwin
    • George Haywood
    • John Da Costa
    • Brian Gill
    • Peter Dunton

Historie endre

Opphavleg kalla dei seg The Rebs, og bestod av Robin Hunt (solovokal, trommer), Ian Baldwin (bassgitar), George Haywood (sologitar), Brian Gill (sologitar) John Da Costa (rytmegitar, klaverinstrument) og Peter Dunton (trommer).[1] I 1966 spelte bandet inn eit studioalbum for RCA Records, Introducing the In-Sect Direct from London, under namnet In-Sect, der alle songane utan om ein var coverversjonar av samtidige pophittar.[2] Seinare på året prøvespelte gruppa, som no kalla seg No Flies on Us, for Decca Records med to demoar som seinare vart den første singelen deira: ei utgåve av Paul Revere and the Raiders-songen «(I'm Not Your) Stepping Stone» og «Just Won't Do». Decca forhandla ein plateavtale med No Flies on Us etter at dei gjekk med på å korte ned namnet sitt til The Flies.[3]

«(I'm Not Your) Stepping Stone» kom ut i oktober 1966 i lag med ein ny song, «Talk to Me», på B-sida. Singelen vart ein regional hit og nådde 11. plassen på Wonderful Radio London Fab 40-lista.[4] Gruppa vart etter kvart eit populært oppvarmingsband for engelske band som The Move, The Who og The Moody Blues.[1] I tillegg spelte The Flies dei same kveldane som The Jimi Hendrix Experience på den populære klubben The Roundhouse i februar 1967. Bandet vart frykta for dei stundom skandaløse sceneframferdene sine, særleg i april 1967 då dei under festivalen 14-Hour Technicolor Dream fekk hundrevis av sekker med mjøl til å eksplodere og dekkje til publikum.[5]

Ein oppfølgjarsingel i midten av 1967 bestod av «House of Love» og popstandarden «It Had to Be You», som i følgje Allmusic «fekk bandet til høyrast meir ut som Sopwith Camel eller New Vaudeville Band enn eit syre-tungt garasjerockband».[3] I tillegg arbeidde Hunt på eit soloprosjekt kalla Alexander Bell og gav ut singelen «Alexander Bell Theme» med Jimmy Page som gjestemusikar.[3] The Flies spelte inn ein siste singel, «The Magic Train», denne gongen for RCA Records, i 1968, men han selde dårleg. Mot slutten av året var The Flies oppløyst.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Blackham, David (2006). Complete Collection: 1965-1968 (CD booklet). Acme Records. 
  2. 2,0 2,1 Unterberger, Richie. «The Flies - Biography». allmusic.com. Henta 23. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Planer, Lindsay. «Complete Collection: 1965 - 1968». allmusic.com. Henta 23. august 2019. 
  4. «Record Details». 45cat.com. Henta 23. august 2019. 
  5. «The Flies "Complete Collection 1965 - 1968». lionproductions.org. Henta 23. august 2019.