Jérémie Makiese

belgisk songar

Jérémie Makiese (fransk uttale: [ʒeʁemi makjese, -eze]; fødd 15. juni 2000) er ein belgisk songar og fotballspelar. Han vann The Voice Belgique 2021 og representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Miss You».

Jérémie Makiese

Fødd15. juni 2000 (23 år)
FødestadAntwerpen
OpphavBelgia
Aktiv2021–
Sjangerpop
Verka somsongar, musikar, fotballspelar

Bakgrunn endre

Makiese vart fødd i Antwerpen av kongolesiske foreldre. Som seksåring flytta familien, inkludert syster hans og tre brør, til Berchem-Sainte-Agathe. Eit par år seinare flytta familien til Dilbeek. Han budde i dei to kommunane i barndommen, og lærte seg både fransk og nederlandsk. Seinare busette han seg i Uccle.[1][2][3]

Makiese byrja å syngje som barn. Begge foreldra er songarar, og mora spelar også tam-tam. Han song i eit kyrkjekor som barn og tok seinare songtimar på skulen.[1][2] Han vart nasjonalt kjend i 2021, då han deltok i den niande sesongen av The Voice Belgique. I april 2021 vann han heile tevlinga.[4] Same haust kunngjorde kringkastaren RTBF at Makiese skulle representere Belgia i den kommande utgåva av Eurovision Song Contest i Torino.[1] I mars 2022 vart deltakarsongen «Miss You» gjeven ut. Låten enda som nummer 19 av 25 bidrag i finalen.

Fotballkarriere endre

Makiese har parallelt med musikken alltid hatt ei stor interesse for fotball. Som 13-åring var han målvakt for BX Brussels. I september 2021 skreiv han eittårskontrakt med fotballklubben Excelsior Virton, etter å ha spelt for Jeunesse Molenbeek, Royal Wallonia Walhain og med La Louvière Centre sommaren 2021.[1][2][5][6]

Som følgje av suksessen etter sigeren i The Voice Belgique, har han teke ein pause frå høgskuleutdanninga i geologi, for å konsentrere seg om song- og idrettskarrierene.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Belgium reveals the first artist for Eurovision 2022 🇧🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 15. september 2021. Henta 15. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gallagher, Robyn (15. september 2021). «Confirmed! The Voice Belgique champion Jérémie Makiese will represent Belgium at Eurovision 2022». Wiwibloggs. Henta 15. september 2021. 
  3. Christophe, Sam (18. april 2021). «Jérémie Makiese, gagnant de The Voice: «Je suis peut-être rétro, mais pas que ça!»». Sudinfo.be (på fransk). Sudpresse. Henta 16. september 2021. 
  4. «Jérémie Makiese, gagnant de The Voice Belgique : "Je suis venu avec une question, BJ a donné la réponse"». RTBF (på fransk). Henta 15. mars 2022. 
  5. «Jérémie Makiese, gagnant de The Voice: «Je suis peut-être rétro, mais pas que ça!»». sudinfo.be (på fransk). 18. april 2021. Henta 15. mars 2022. 
  6. «N1: Jérémie Makiese, vainqueur de The Voice, à l’essai à La Louvière Centre». Édition digitale de Centre (på fransk). 7. juli 2021. Henta 15. mars 2022.