Jörgen Brink (fødd 10. mars 1974) er ein svensk langrennsløpar og skiskyttar frå Delsbo. Han bur i Sollefteå og tevlar for Hudiksvalls IF.

Jörgen Brink


Statsborgarskap Sverige
Fødd 10. mars 1974 (50 år)
Hudiksvall
Idrett langrenn, skiskyting
Tok del i

cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005

I VM 2003 i Val di Fiemme vann Brink tre bronsemedaljar, på duatlon (10 km klassisk + 10 km fri), på 50 km og på 4 x 10 km stafett. Han vert særleg hugsa for sin kollaps på stafetten. Han gjekk ut på siste etappe i ganske klar leiing, men gjekk tom etter ca. 8 km og vart forbigått straks før oppløpet av både Thomas Alsgaard og av Tysklands Axel Teichmann.[1].

Brink har ein individuell siger i verdscupen i langrenn, på 30 km fellesstart i Otepää den 12. januar 2003. Han var også på det svenske verdscuplaget som vann 4 x 10 km stafett i Falun 23. mars 2003. Brink kom på tredjeplass i verdscupen for 2002/03-sesongen.

Etter 2006 byrja han for fullt med skiskyting. Her opnådde han som beste ein femteplass i eit sprintrenn i Vancouver i 2009.

Brink gjekk så over til langrenn att, og satsa på dei store maratonrenna. Han deltok i Vasaloppet fyrste gongen i 2007 og vart nummer tre. Sidan vann han Vasaloppet tre år på rad, 2010-12.

Notar endre

  1. Video av stafetten fra 2003

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre