Jøran Kallmyr

norsk politikar

Jøran André Smedal Kallmyr (fødd 15. april 1978) er ein norsk jurist og politikar for Frp som sidan 29. mars 2019 er norsk justis- og innvandringsminister. Han har tidlegare vore statssekretær i Justisdepartementet, byråd for miljø og samferdsle i Oslo og har jobba som advokat.[1][2] Kallmyr tok over posten frå Tor Mikkel Wara som trekte seg etter at sambuaren hans vart sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling.[3]

Jøran Kallmyr

Fødd15. april 1978 (45 år)
Fræna
PartiFramstegspartiet
Yrkejurist, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervJustis- og innvandringsminister 29. mars 2019 –
FøregangarTor Mikkel Wara
VervStatssekretær i Justisdepartementet 17. oktober 2014 – 19. februar 2016
VervByråd for miljø og samferdsle i Oslo kommune 2007 – 2011
Alle verv

Tidlegare har Kallmyr hatt fleire verv i FpU. Han har vore formann i Møre og Romsdal FpU og i Oslo FpU, og sat i sentralstyret frå 2004–2006.[2]

Kjelder endre

  1. Justis- og beredskapsdepartementet. Tidligere statssekretær i JD Jøran Kallmyr (Frp). regjeringen.no. Lese 11.4.2019.
  2. 2,0 2,1 Ruud, Solveig og Lars Inge Staveland. (29. mars 2019). Jøran Kallmyr blir ny justisminister. Aftenposten. Lese 11.4.2019.
  3. Heltne, Lars; Petter Winther og Gard Oterholm. (28.03.2019). Wara trekker seg som justisminister: – Den siste tiden har vært tøff. Dagens Næringsliv. Lese den 11.4.2019