Opna hovudmenyen

Jørgen Martinus Dahll (9. april 17959. juni 1858) var ein norsk handelsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Eidsberg i Østfold.

Jørgen Dahll
Fødd 9. april 1795
Eidsberg
Død

9. juni 1858
Drammen

Yrke bonde, kjøpmann, politikar

Dahll var son av ein gardbrukar på Lindhol i Eidsberg. Sjølv var han fyrst handelsmann i Moss til han i 1821 kjøpte garden Linnes i Lier i Buskerud. Han var gardbrukar på Linnes til 1836, sidan var han gardbukar på Lindestad i Berg i Østfold i ti år. Frå 1846 dreiv han garden Sommerfryd ved Drammen.

Dahll var 2. representant frå Buskeruds amtStortinget i 1833, medlem av tollkomiteen. Til 1830-stortinget vart han vald til 3. varamann. I 1840 var han medlem av ein kommisjon som drøfta spørsmålet om ei utviding av Fredrikshald.

Dahll døydde på Sommerfryd ved Drammen i 1858.

KjelderEndra