Jørgen Meier Heffermehl (12. oktober 180510. januar 1879) var ein norsk prest og stortingsrepresentant. Han var ordførar i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane 1848-1851, og frå 1856 til 1865. Heffermehl var sokneprest i prestegjeldet og busett på Vereide.

Jørgen Heffermehl
Fødd 12. oktober 1805
Oslo
Død

10. januar 1879

Yrke prest, politikar

Heffermehl var fødd og oppvaksen i Kristiania, der faren hans var skomakar. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1824, og cand. theol. i 1831. Året etter vart han sokneprest til Folden i Nordland, og frå 1837 i tillegg prost i Salten.

Han var 2. representant til stortinget for Nordlands amt i 1839 og 1842. I 1839 var han medlem av desisjonskomiteen, både i 1842 og -45 av protokollkomiteen. 1845 var han 4. representant for Nordre Bergenhus amt.

I 1842 flytta han til Gloppen og var sokneprest i prestegjeldet fram til 1866. Han slo seg ned i bygda Vereide, og tok ei leiarstilling i bygdelaget. Mellom meir fekk han lagt ned postopneriet i Ryssfjøra, mot Utfjorden, og vart sjølv postopnar på Vereide. Han dreiv også eit gjestgiveri på Sandane. Heffermehl hadde elles ei rekke verv, mellom anna var han styremedlem i Amtsbaatane (Fylkesbåtane) frå etableringa i 1858 fram til 1865.

Heffermehl vart halden for å vere arrogant, og kunne gjerne vise bort dåpsbarn, eller kyrkjegjengarar ved nattverd. Slik kom han i konflikt med delar av bygdefolket i Gloppen. Særleg la han seg ut med eit pietistisk miljø kring bygda Hestenesøyra. Ei gruppe, «separatistene på Nesjane», braut med soknepresten. Klokkar Jon Jonsson Hyenes, kjend som Skule-Jo, tala Heffermehl midt imot. Ei gruppe haugianarar støtta Skule-Jo, og klaga presten Heffermehl inn for biskopen. Heffermehl skulda Skule-Jo for å svikte sine tenester i kyrkja, og fekk han fjerna i 1850.

Kring 50 mann i bygda, med eigen sakførar, innleia ein prosess for å få Heffermehl avsett frå embetet. Soknepresten møtte motstanden ved å nekte dei både nattverd og barnedåp. Han gjekk så til motklage mot både Skule-Jo og heile prestegjeldet. Heffermehl fekk fri sakførsle av regjeringa, Skule-Jo måtte koste eiga sak. Saka gjekk til høgsterett, der klagarane tapte. Skule-Jo vart avsett, og gjekk konkurs. Heffermehls politiske rykte var øydelagt. Saka er omtala i «Mål-reisingssoga i Sogn og Fjordane», skriven av Anders Lothe.

Gruppa arbeidde også mot Heffermehl sitt kandidatur til ordførarvervet, og prøvde å få han til å halde fram som stortingsrepresentant. Ved valmannsvalet i 1850 vann Skule-Jo med 130 røyster mot tre til Heffermehl. Heffermehl tapte også ordførarvervet i 1851, til Rasmus L. Gaasemyr, men dette ombodet fekk han seinare tilbake.

Siste del av livet, 1866-79, var Heffermehl sokneprest i Ås i Akershus. Han døydde på Ås, straks før han skulle slutte i embetet. Abraham Heffermehl var sonen hans.

KjelderEndra