Jørgen Holte

norsk politikar

Jørgen Holte (fødd 16. mai 1944) er ein gardbrukar og politikar frå Volda. Han representerte Møre og Romsdal og SenterpartietStortinget i tida 1993-2000.

Jørgen Holte
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1944 (79 år)
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Holte var odelsgut til farsgarden på Holen i Folkestadbygda i Volda kommune. Etter agronomutdanning 1962-64 ved Lyngdal Jordbruksskole, arbeidde han ved same skulen i åra fram til 1968. Deretter flytta han til Oslo og var seljar for Eiksmaskin. Åra 1970-73 arbeidde han ved Vestlandske Salslag i Ålesund. I 1973 tok han over farsgarden i Folkestadbygda og dreiv denne i fire tiår.

Hausten 1975 vart Holte vald inn i Volda kommunestyre og representerte Senterpartiet i kommunestyret frå 1976 til 1983. Han var fylkesformann 1981-88 Møre og Romsdal Bondelag og 2. nestleiar 1988-93 i Norges Bondelag. Frå hausten 1993 var Holte stortingsrepresentant for Senterpartiet og Møre og Romsdal, medlem 1993–97 i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen. Han fekk ikkje fast stortingsplass den neste valperioden, men møtte på Tinget som vararepresentant så leng den fyrste Bondevik-regjeringa varde. Han var då 1997–2000 medlem i Finanskomitéen.

Holte har gjennom åra hatt ei mengd styreverv.

Kjelder endre