Jørgen Sønstebø

norsk politikar

Jørgen Sønstebø (13. februar 192229. juni 2013) var ein lensmann og politikar frå Bø i Telemark. Han representerte Telemark og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1973 til 1985.

Jørgen Sønstebø
Fødd13. februar 1922
Bø kommune
Død29. juni 2013 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
FarHans Jørgensen Sønstebø
Alle verv

Han var son til gardbrukar Hans J. Sønstebø som i si tid var ordførar i Bø. Sjølv gjekk han befalsskule 1939/40 fram til krigsutbrotet, deretter var han oppteken med gards- og skogsarbeid fram til 1945. Frå 1945 til 1971 var Sønstebø lensmannsbetjent fleire stader. Fram til 1952 arbeidde han i Hjartdal, deretter i Kviteseid til 1958 og i Gjerpen og Siljan til 1964. Han vende då tilbake til lensmannskontoret i Kviteseid, der han sidan 1971 var lensmann i atten år. I 1973 tok han over farsgarden i Bø, og stod som drivar av han til 1991. Frå 1989 dreiv ei eiga auksjonsforretning, Kviteseid Auksjon.

Sønstebø var etter tur medlem av kommunestyra i Gjerpen 1960-63, Skien 1964-65 og Kviteseid 1968-79 og 1987-95. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, attvald 1977 og 1981. Alle tolv åra på Stortinget var han med i Justiskomiteen, nestformann i komiteen frå 1981 til -85. Perioden 1977-80 var han elles medlem i Kristeleg Folkeparti sitt kriminalpolitiske utval.

Kjelder endre

Stortingsbiografi