Jack-o'-lantern er ei lykt laga av eit uthola graskar med talgljos inni, skore til slik at det har utsjånad av eit skræmande ansikt. Lykta vert nytta til halloween etter ein skikk som utvikla seg i USA. Der er det vanleg å ha jack-o'-lantern ved døra eller andre stader som dekorasjon under eller i tida rundt hallowen.

«Jack-o'-lantern»

For å laga ein jack-o'-lantern skjer ein toppen av graskaret eller nepa for å laga eit lok. Ein skrapar ut innmaten og skjer eit mønster i skalet, vanlegvis eit andlet, men ein kan også laga andre dekorasjonar. For å gjera grønsaka om til ei lykt kan ein setja eit levande lys inn, eller bruka elektrisk lys.

Jack-o'-lantern av kålrot og graskar.
Ulike utskorne graskar.

Namnet «jack-o'-lantern» var opphavleg ei nemning for fenomenet lyktemann eller irrlys (ignis fatuus), som ein kan sjå nær myrer. Dette uttrykket er kjend frå Aust-England frå 1660-talet. Bruken av ordet for ei grønsaklykt er først dokumentert i amerikansk engelsk i 1834.[1]

Historie endre

Skikken med å laga lykter av grønsaker stammar truleg frå Irland, der ein kunne bruka nepe, kålrot eller fôrbete til å laga lykt.[2][3][4] Graskar var meir vanlege i USA, og dette blei etterkvart den dominerande skikken.[5] Det finst også spreidde døme på liknande skikkar frå øya Storbritannia, som Somerset (Punkie Night) på 1800-talet,[4] eller Hoberdy's Lantern laga av neper i Worcestershire på slutten av 1700-talet. Folkloristen Jabez Allies skreiv at dei blei brukte til å skremma folk:

« In my juvenile days I remember to have seen peasant boys make, what they called a "Hoberdy's Lantern," by hollowing out a turnip, and cutting eyes, nose, and mouth therein, in the true moon-like style; and having lighted it up by inserting the stump of a candle, they used to place it upon a hedge to frighten unwary travellers in the night.[6] »

Bruk av uthola graskar som lykter som del av halloweenfeiringa er skildra i Daily News frå Kingston i Ontario frå 1. november 1866:

« The old time custom of keeping up Hallowe'en was not forgotten last night by the youngsters of the city. They had their maskings and their merry-makings, and perambulated the streets after dark in a way which was no doubt amusing to themselves. There was a great sacrifice of pumpkins from which to make transparent heads and face, lighted up by the unfailing two inches of tallow candle.[7] »

I USA var utskorne graskar opphavleg knytte til innhaustingstida generelt, ikkje nødendigvis berre halloween.[8] Ein artikkel frå 1895 føreslo til dømes ein tend jack-o'-lantern som dekorasjon for eit thanksgiving-selskap.[8][9]

I kulturen endre

Filmatiseringar av Washington Irving si novelle «The Legend of Sleepy Hollow» frå 1820 viser ofte den hovudlause ryttaren med eit graskar eller ein jack-o'-lantern i staden for det manglande hovudet sitt. I den opphavleg forteljinga blei eit knust graskar funne ved hatten til hovudpersonen, Ichabod Crane, morgonen etter at Crane skulle ha møtt den hovudlause ryttaren.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Harper, Douglas. «Jack o'lantern (n.)». Online Etymology Dictionary. Henta 29. oktober 2019. 
  2. The Oxford Companion to American Food and Drink. Oxford University Press. 2007. s. 269. Henta 17. februar 2011. 
  3. «Pumpkins Passions». BBC. 31. oktober 2005. Henta 19. oktober 2006. 
  4. 4,0 4,1 Hutton, Ronald (1996). The Stations of the Sun: A History of the Ritual Year in Britain. Oxford University Press. s. 382–383. 
  5. «Turnip battles with pumpkin for Hallowe'en». BBC. 28. oktober 2005. Henta 23. september 2007. 
  6. Allies, Jabez (1856). The British, Roman, and Saxon antiquities and folklore of Worcestershire. London: J.R. Smith. s. 423. 
  7. «Carved pumpkin». Daily News (Kingston, Ontario). November 1, 1866. 
  8. 8,0 8,1 «The Day We Celebrate: Thanksgiving Treated Gastronomically and Socially». The New York Times. 24. november 1895. s. 27. 
  9. «Odd Ornaments for Table». The New York Times. 21. oktober 1900. s. 12.