John Malcolm Thorpe Fleming Churchill (16. september 19068. mars 1996), betre kjend som Lt-Colonel Jack Churchill, er ein av dei meir fargerike britiske offiserar på 1900-talet. Han har først og fremst sett spor etter seg som commando-offiser i 2. verdskrigen. Han er kjend, ikkje berre for militære bragder, men også for ei heller eksentrisk framferd.

Jack Churchill

Fødd16. september 1906
Colombo
Død8. mars 1996 (89 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrkemilitær, filmskodespelar
Utdanna vedKing William's College
Royal Military College, Sandhurst
FarAlex Churchill
EktefelleRosamund Margaret Denny
BarnMalcolm John Leslie Churchill, Rodney Alistair Gladstone Churchill

Jack Churchill meinte at ein offiser i kamp skulle handle slik at han skremde fienden og inspirerte sine eigne soldatar til kamp og dåd. Om omstenda tillet det, gjekk han sjølv til kamp kledd i kilt. Han bar sverd og pil og boge. Under åtak, og i andre situasjonar der soldatar flest ville prioritere eigen tryggleik, spelte Jack Churchill sekkepipe. Han vart då også snart kjend under tilnamnet Mad Jack, Villmannen Jack.

Livssoge endre

Jack Churchill var fødd den 16. september i 1906, og etter militær utdanning fekk han offisers grad 20 år gammal. Første tenestestaden hans var Rangoon. Under dette opphaldet i Asia hadde han ulike og høgst varierte oppgåver. Eventyrlysta og vågemotet hans viste seg allereie i unge år. Han kryssa til dømes det indiske subkontinentet, som då var under britisk okkupasjon, på motorsykkel. I denne tida lærte han seg å spele sekkepipe, og vart rekna for å vere ein god utøvar på dette instrumentet. Sekkepipa kom seinare til å følgje han i tjukt og tynt.

I 1936 vart regimentet kalla tilbake til England. Churchill kjeda seg med brakketilværet, og slutta i den britiske hæren. Fram til 1939 reiste han omkring i Europa. Han tok på seg småroller i filmar, spelte sekkepipe og underheldt. At mannen hadde kvalitetar som bogeskyttar, viser det faktum at han i 1939 var britisk deltakar i verdsmeisterskapen i bogeskyting.

Verdskrig endre

 
Jack Churchill (til høgre, med sverd) leier ei øving ved Inveraray under andre verdskrigen.

Då krigen braut ut i september det året, vart Churchill innkalla til teneste att. Han deltok i kampane i Frankrike. Her væpna han seg med pil og boge når han leidde patruljer langs Maginotlinja. Bogane hans var lydlause og dødelege våpen på avstandar opp til 150 meter.

Etter at britane måtte trekkje seg attende frå Frankrike sommaren 1940, kom Jack Churchill til ein kommandoavdeling i den britiske hæren. I 1941 vart han påsett som nestkommanderande for ei avdeling samansett av 2. og 3. Commandoes som den 27.12.41 gjennomførte Måløyraidet. Med sekkepipe, sverd, og pil og boge skal han sjølv ha leidd soldatane sine på land på Måløyna tredje juledag 1941. I dette åtaket vart han såra, men ikkje verre enn at han kunne halde fram som yrkesoffiser. Jack Churchill var med på fleire andre commando-operasjonar seinare i krigen.

Under krigen i Italia vart Jack Churchill såra og teken til fange av tyske styrkar. Han vart send til fange- og konsentrasjonsleiren Sachsenhausen der han vart hardt behandla, men saman med ein offiser frå det britiske flyvåpenet greidde han å rømme. Han vart arrestert, og sett i ein leir for krigsfangar i Austerrike. Her greidde han òg å rømme, tok seg eigenhendig over Alpane i nærleiken av Brennerpasset og slo seg gjennom til framrykkande amerikanske styrkar i Italia.

Etter krigen hadde Jack Churchill stilling som leiande offiser i ulike engelske og skotske militæravdelingar. I 1948 var han mellom anna stasjonert i det urolege, britisk okkuperte, Jerusalem. Utover i 1950 åra hadde han stillingar innanfor militær utdanning, i ulike militære stabar og i War Office Selection Board.

Jack Churchill var gift med Rosamund Denny, og saman hadde dei to søner. Han døydde i 1996, 89 år gammal.

Bakgrunnsstoff endre

  • The Daily Telegraph, 13. mars 1996, s. 21, nekrolog over Lt-Col Jack Churchill

Kjelder endre