Opna hovudmenyen

Jack Sonni

amerikansk gitarist

Jack Sonni (fødd 9. desember 1954) er ein forfattar, musikar og tidlegare salssjef som er mest kjend som «den andre gitaristen» i Dire Straits i Brothers in Arms-tida til bandet.

Jack Sonni
Dire Straits Jack Sonni.jpg
I lag med Dire Straits i Noreg i 1985
Fødd9. desember 1954 (64 år)
FødestadIndiana i Pennsylvania, USA
FødenamnJohn Thomas Sonni
AliasJack
OpphavUSA
SjangerRock
InstrumentElektrisk gitar, vokal
Tilknytte artistarDire Straits
Verka somMusikar, marketing communications

Sonni møtte studiogitaristen Elliott Randall i New York som overtydde han til å flytte til byen og starte karrieren sin der. Sonni budde i New York frå 1976 til 1985 og starta sitt eige band. Seint i 1970-åra spelte bandet til Sonni, The Leisure Class[1] fast kvar mandag kveld på Kenny's CastawaysBleecker Street i Greenwich Village, ein stad for lovande, unge artistar. I 1978 byrja han å arbeide ved den nyopna Rudy's Music Stop, eigd av Rudy Pensa, der han møtte medlemmar i Dire Straits, først David og så Mark Knopfler.

Han vitja Knopfler-brørne i London, og etter David (og sidan Hal Lindes) slutta ibandet, vart Sonni spurt om han ønskte å bli med i bandet i 1984 for innspelinga av Brothers in Arms og den påfølgjande turneen.[2] Sonni spelte gitar og synthesizer på «The Man's Too Strong».

Sonni samarbeidde med andre musikarar etter Dire Straits, men enda musikkarrieren sin då tvillingdøtrene Caitlin & Nadine vart fødde i 1988. Han starta då som marknadssjef for produsentar av digital teknologi for musikk.[3]

DiskografiEndra

KjelderEndra