Opna hovudmenyen

Hal Lindes

amerikansk komponist og gitarist

Hal Andrew Lindes (fødd 30. juni 1953) er ein engelsk-amerikansk gitarist og filmmusikkomponist.

Hal Lindes
Hal Lindes.jpg
Hal Lindes med Dire Straits i Newcastle City Hall
Fødd30. juni 1953 (66 år)
FødestadMonterey i California i USA
FødenamnHal Andrew Lindes
OpphavUSA
SjangerRock
Instrumentvokal, gitar
Tilknytte artistarDire Straits
Verka somMusikar, låtskrivar, filmmusikk

I 1979 spelte han gitar med rockegruppa Darling. Dei fekk kontrakt med Charisma Records og gav ut singelen «Do You Wanna» og albumet Put It Down To Experience same året.[1] I 1980 byrja han innspelinga av eit soloalbum med produsent Al Kooper, i lag med Herbie Flowers på bass og John Bradbury (frå The Specials) på trommer. Prosjektet stoppa opp halvvegs då Lindes vart invitert av Mark Knopfler til å bli med i det britiske rockebandet Dire Straits.

Dire Straits (1980-1985)Endra

Lindes vart fulltidsmedlem av Dire Straits i slutten av 1980, medan bandet var på turné med det tredje albumet sitt, Making Movies. Under den fem år lange perioden med bandet voks Dire Straits frå å spele små klubbar til utselde stadion. Han var med på det neste albumet deira, Love Over Gold i 1982 og EPen ExtendedancEPlay i 1983.

I tida med Mark Knopfler var han òg involvert i å skrive musikk til David Puttnam-filmen Local Hero frå 1983. Det var då han oppdaga at han ønskte å halde fram å skrive filmmusikk. Lindes turnerte med Dire Straits på verdsturneen deira i 1983 og var med på konsertalbumet Alchemy Live. Tidleg i 1985, medan Dire Straits spelte inn Brothers In Arms, slutta Lindes i Dire Straits for å bli filmmusikkomponist på fulltid.[2]

Filmmusikk (1985 til i dag)Endra

 
Lindes med Dire Straits i juni 1981.

Hal Lindes har skrive musikk for mange filmar og vunne fleire prisar, mellom anna Royal Television Society Award for den BAFTA-nominerte filmen Reckless og ein TRIC-pris for beste kjenningsmelodi. Lindes er mest kjend for å ha skrive musikken til The Boys Are Back,[3] ein Miramax-film regissert av Scott Hicks med Clive Owen i ei av rollene.[4]

KjelderEndra

  1. «Darling (5) - Put It Down To Experience (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2014. 
  2. «Hal Lindes - Biography». IMDb.com. Henta 20. oktober 2014. 
  3. «The Boys Are Back Cast and Crew». IMDB. Henta 20. oktober 2014. 
  4. «Diskografi». Hal Lindes. Henta 12. februar 2011. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Hal Lindes