Jacob Lange (1833-1902)
Jacob Otto Lange (12. november 1833–26. mai 1902) var ein norsk forstmann og politikar for partiet Venstre, statsråd i den fyrste Steen-regjeringa.
Jacob Lange | |||
| |||
Fødd | 12. november 1833 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mai 1902 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, forstmann | ||
Far | Alexander Lange | ||
Ektefelle | Thekla Lange | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
|
Lange var fødd i Stavanger, der far hans var prest, men for størstedelen oppvaksen i Asker. Sjølv studerte han forstvesen i Tyskland og var 1858-59 forstassistent på Hedemarken. Frå 1860 var han overførster ved Kongsberg sølvverk og frå 1876 styrar av skogskulen på same staden.
På Kongsberg var han medlem av bystyret, ordførar 1875-76. Han var forlikskommissær 1876-91 og hadde elles mange kommunale verv.
Lange var i periodane 1877-79, 1883-91 stortingsrepresentant frå Kongsberg. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av vegkomiteen. Sidan var han 1883-87 sekretær i næringskomite nr 1, 1888 formann i same. Han var medlem av Lagtinget frå 1883, visepresident 1884 og president 1888-91. Elles medlem av valkomiteen 1883-91 og landbrukskomiteen 1889-91. 1883-84 var Lange president i riksretten mot medlemene av Selmer-ministeriet.
Lange var medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i Johannes Steen si fyrste regjering frå mars 1891 til juni 1892, då han vart sjef for revisjonsdepartementet fram til regjeringa gjekk av den 1. mai 1893.
Han vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Carl Friedrich Bøbert var svigerfar hans.
Lange døydde i Kristiania i 1902.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jacob Lange (1833-1902) NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv