Jacob Sverdrup Smitt

norsk politikar og prest

Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 18356. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann.

Jacob Sverdrup Smitt
Jacop Sverdrup Smitt.jpg
Fødd6. januar 1835
Nordre Land
Død6. juni 1889 (54 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervBiskop i Tromsø stift 1876–1885
FøregangarFredrik Waldemar Hvoslef
EtterfylgjarJohannes Nilsson Skaar
VervBiskop i Kristiansand stift 1885–1889
FøregangarJørgen Tandberg
EtterfylgjarJohan Christian Heuch

Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 1876–85, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.

I tre periodar (1874–1882) representerte han Tromsø, og byane i FinnmarkStortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.

Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.

KjelderEndra